Innsjøen Bandak ligg i Tokke og Kviteseid kommunar og har eit heilt unikt namn. Telemarkingane er kreative i namngjevinga og i Kviteseid finn ein mellom anna Dritarodden, Migrenna og Faen. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Ulendt terreng har gjeve oss artige stadnamn

Fleire stader i Noreg har fått namn som får ein til å lura på korleis nett denne staden blei heitande det. Svaret er at mange av desse «rare» stadnamna har fungert som ein «varseltrekant» for terrenget.

Har du nokon gong sjekka korleis skiforholda er i Helvetet i Hallingdal? Kanskje er dei betre på Faen i Kviteseid? Etter ein lang skitur hadde det nok vore forfriskande med ein dukkert i Homsevatnet på Jæren, eller ein sup av Brennevinsbekken i Åmli.

Alle desse er faktiske stadnamn, og dei har namnebrør fleire andre stader i landet. Sjølv om dei kan verka rare eller vulgære, er det ei logisk årsak til korfor stader får litt «utradisjonelle» namn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dåtidas GPS

– Det er ikkje berre for moro skuld, seier Åsmund Christenson i Kartverket til Nynorsk pressekontor.

I dag har ein mobil, kompass og vêr-appar for hand. Før i tida, då ein ikkje hadde slikt utstyr, kunne spenstige namneval gje verdifull informasjon. Det er til dømes mange stader på noregskartet som heiter anten berre «Helvete», eller knyter seg til namnet på dødsriket på ein annan måte.

– Typisk for norske stader som er oppkalla etter helvetet, er at dei gjerne er farlege og skumle. Mange juv og bratte område har fått namn etter helvetet. Ei eng som ligg så ulendt til at det er fare for å detta utfor, er eit eksempel på stader som kan få eit slikt namn.

– I mange tilfelle blir namnet også brukt som eit varsel, særleg for born. Ein plass som heiter «Helvete», tyder på at det er snakk om ein stad som kan vera farleg, og at ein må passa seg, seier Christenson.

Dårleg føre i Dritskaret

Christenson fortel at andre vulgære ord òg kan gje informasjon om korleis forholda på ein stad er.

– Funksjonen av å kalla ein stad «Helvete» kan vera å avskrekka og åtvara folk. Dritskaret, som ligg i Sirdal, har eit namn som skildrar terrenget. Ordet kjem frå det som det høyrest ut som, som kan bety avføring, men like fullt kan bety at det er blautt, gjørmete og vanskeleg terreng å gå i. Det kan føra til at ein gjerne vel å gå gjennom eit anna skar enn Dritskaret.

– I daglegtalen kan ein kanskje seia at, det var eit par med «dritsko». Slik får ordet ei direkte overføring til det me brukar som eit negativt adjektiv.

Kor går grensa?

Med så mange stader som er oppkalla etter alskens bannskap og tabuord, kan det få ein til å undrast kor grensa for kva ein stad kan heita går.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I utgangspunktet kan du oppretta eit bruk ein stad og kalla det for det du vil. Sånn sett er det ikkje ei grense for å danna eit konstruert stadnamn, seier Christenson.

Det er også slik at ein ikkje berre kan gje eit nytt namn til ein stad som allereie har eit namn. I teorien kan alle kalla stader for det dei vil, men namnet ville i så fall ikkje gjelde i offentlege kart. Christenson seier at mange av namna er nedarva, og at dei er verna som kulturminne etter stadnamnlova.

Mangfald av raritetar

Noreg er fullt av stader med unike namn. I fjor kåra Kartverket «Der bikkja beit mannen» som det artigaste stadnamnet i Noreg. Der bikkja beit mannen er ei strand i Risør.

Nokre namn forklarar seg sjølve. Men i andre tilfelle har tidas tann slipt vekk orda i dialekten, og ein sit igjen med eit stadnamn som ikkje gjev like mykje meining for oss i dag.

Nyleg skreiv avisa Hallingdølen om at Skrukkefyllhaugen i Hedalen, tett på grensa til Flå, vann kåringa av det artigaste stadnamnet i Noreg. Namnet kan høyrast sært ut, men har ei djupare betyding.

– Skrukkefyllhaugen ligg ved vatnet Skrukkefylla. Ein «skrukk» kan ein jo tenka seg at er eit vulgært ord, men eigentleg så kjem det av ordet «skrukke». Ei skrukke er ei korg, eller noko til å ha noko i. Skrukka brukar ein for å bera med seg mellom anna fisk eller bær. «Skrukkefylla» kan ein jo då tenka seg at svarar til å få skrukka full av fisk, og namnet får ein forteljande funksjon, seier Christenson i Kartverket.

Nynorskordboka har oppført ordet «skrukke», og definisjonen er ei lita korg som er laga av bork eller bjørkenever.

– Sidan dette er eit ukjent ord for dei fleste, tolkar folk fyrsteleddet i namnet som hankjønnsordet «skrukk». Det er veldig mange stadnamn som blir artige nettopp på grunn av slike feiltolkingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt av det same har skjedd med namnet på innsjøen Bandak som ligg i Vest-Telemark.

– Namnet kjem av «band», som betyr band og «ak» som kjem frå gammalnorsk «agr», som betyr vatn eller tjørn. Så eigentleg er namnet «bandvatnet», men «ak» har døydd ut av dialekten.

– Når folk skriv Bandaksvatnet for å presisera at Bandak er eit vatn, så skriv dei eigentleg «Bandvatnvatnet», forklarar Åsmund Christenson i Kartverket.

Les også
Kunnskap er i ferd med å bli borte. Nå blir dei gamle stadnamna registrerte
Les også
Kvifor heiter det «Kvitsund»?
Eit knippe stader med litt utradisjonelle namn

Helvete, juv i Flå

Hurrahaugvegen, veg i Nesbyen

Krækkjahæe, fjell i Hol

Likkistefjellet, fjell i Flå

Syregarden, fritidsbustad i Hol

Tryågonguhaugen, haug i Gol

Aglapfluna, sjøgrunne i Haram

Gråten, mark i Volda

Helvetesgjølet, juv i Stranda

Helvetesvatnet, vatn i Volda

Purka, sjøgrunning i Herøy

Vatnevatnet, vatn i Ørsta og Haram

Den Søra, Den Kvida, båar i Sola

Fjasen, li i Suldal

Furtekro, botn i Suldal

Lortafjorden, kanal i Hjelmeland

Løgen, vatn i Lund

Vonda Torvo, nes i Suldal

Den lange haugen austmed vatnet, haug i Vinje

Det store rullekastet, tømmervelte i Nissedal

Dritarodden, nes i Kviteseid

Dritarmyrane, myrar i Tokke og Nissedal

Fandensdal, dal i Drangedal

Migrenna, juv i Kviteseid

Helvetet, botn i Voss

Kukkeluren, nes i Stad

Migandefossen, foss i Sogndal

Skitdalen, dalar i Gulen og Alver

Skrukken, sjøgrunning i Bremanger

Toskaskjeret, skjer i Bømlo

(©NPK)

Fjellet Hornelen (860 m.o.h.) på Bremangerlandet er den høgaste sjøklippa i Europa. Like ved Hornelen ligg Skrukken. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Skrukken, Den Søra og Aglapfluna er alle namn på grunner i sjøen på Vestlandet. Foto: Solveig Vikene / NTB / NPK
Blant norske fjell og dalar finst det mange stader der namnet kan få ein til å stussa litt. Men realiteten er at namna på desse stadene eigentleg har ein viktig funksjon som farevarsel. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Krækkjahæe er namnet på eit fjell i Hol kommune i Hallingdal. Fjellet ligg ikkje langt unna Ustaoset. Foto: Berit Keilen / NTB / NPK