På bruktmarknad: Tor Hylland var ein av seljarane på bruktmarknad på gamleskulen i Heimdal.

Tor har vore i bransjen i 30 år: – Folk har forstått at det er fornuftig å bruke ting om igjen

Gjenbruk har blitt moderne. Det meiner arrangørane av bruktmarknaden på gamleskulen i Heimdal.

— Det er ikkje berre skrot her, seier Tor Hylland.

Han har vore skrothandlar i 30 år, og fått tilnamnet Skrot-Tor. Laurdag var han ein av utstillarane på bruktmarknaden på den gamle skulen i Heimdal i Treungen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Større interesse for gjenbruk

Etter 30 år i bransjen opplever han nå at det er større interesse for gjenbruk. Han trur auka prisar, høgare renter, krig og uro i verda er utslagsgjevande. Dessutan ser han at varetilgangen blir større. Arvingane har ofte alt dei treng når foreldre dør, og gir bort heile dødsbu.

Brukmarknad på gamleskulen: På gamleskulen i Heimdal kunne ein få kjøpt brukte jolegåver.

Sjølv om Hylland nå kunne vore pensjonist brukar han mykje tid på å selje brukt.

— Eg er frykteleg opptatt av gjenbruk. Også synest eg det er så moro å rote i gamle saker, seier han.

Skrothandlaren bur i Skien, men har hytte på Utsjå i Treungen. Der er han så ofte han kan, og om vêret er greitt fyller han opp bilen og sel skrot og antikvitetar i Tveitsund på laurdagane.

Hylland meiner folk har blitt meir fornuftige og forstått at det er lurt å bruke ting om igjen. Særleg meiner han det er lurt å kjøpe og selje utstyr til born.

— Eg selde ei skipakke med ski, sko og bindingar for 200 kroner. Nypris hadde vore 2000. Ungen brukte skia to gonger før dei var for små. Det hadde blitt tusen kroner turen om dei hadde kjøpt nye ski.

Maria selde mest

Utstillarane på marknaden i Treungen er klare på kven som selde mest denne laurdagen.

— Det er Maria, seier alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Selde gamle leiker:. — Det er ganske mange som har kjøpt jolegåver her, fortel Maria Aarak (9).

Maria Aarak er ni år og har tatt med seg klede ho har vakse frå og leiker ho ikkje bruker lenger, i håp om at nye born kan få glede av tinga hennar.

— Noko har eg gitt bort også, fortel ho.

Foreldre og besteforeldre har kjøpt mest klede, medan borna sjølv har vore meir opptekne av leikene. Særleg har ho seld mange Hatchimals. Det er ein type figurar ho har samla på i mange år. Nå leikar ho ikkje med dei lenger. Maria sel fem for tjue kroner og ti for femti. Om du skal kjøpe dei nye i butikken er dei langt dyrare, fortel den unge seljaren.

Hatchimals: Maria Aarak selde mange slike figurar på laurdag.

Vil ha fleire marknader

Utstillarane håpar dei kan få til fleire slike bruktmarknader på den hundre år gamle skulen i Heimdal. Målet er to gonger i året, og planane om ein påskemarknad er allereie i gang.

Jørgen Solberg, som eig bygget, er også oppteken av gjenbruk.

– Skal me gjere noko med miljøproblema må me starte med forbruket vårt, seier han.

Solberg meiner nordmenn er blant dei som kastar mest i verda.

Han håpar huset kan bli bruka til fleire slike marknader. Han føreslår å arrangere barnas bruktdag, og har også lyst til å få til utsal av lokalprodusert mat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Solberg er i gang med å pusse opp den 105 år gamle bygningen. Han har restaurert taket og isolerer nå kjellaren og andre etasje i bygget. Også her tenker han gjenbruk. Den gamle taksteinen som kom frå Haugsjåsund er lagt på igjen. Han har også fått tak i brukte bygningsmateriale som han vil bruke på den gamle skulen.

Stort utval: Jolepynt, klede, leiker og sportsutstyr. Det var mykje ein kunne få kjøpt på marknaden på gamleskulen.
Fekk seg ny slalåmstøvlar: Denne guten trengde nye slalåmstøvlar og fekk prøve eit par som Maria hadde vekse frå.
Jolegåver: På gamleskulen i Heimdal kunne ein få kjøpt brukte jolegåver. Maria Aarak (9) var godt fornøgd med salet.
Dokker: Skrot-Tor selde fleire dokker denne laurdagen.
Skilt: Gamle skilt var også til sals.
Vinterutstyr: På bruktmarknaden kunne ein få kjøpt akebrett, ski og skøyter.