Mjølkar godt: Ifølge Store norske leksikon er rasen NRF (Norsk raudt fe) den dominerande storferasen her i landet.

Kommunen aukar tilskotet for kjøp av mjølkekvote

I vinter fekk Tokke kommune søknad frå to mjølkeprodusentar om tilskot til kjøp av mjølkekvote. Politikarane vedtok å auke tilskotet til 100 prosent av den statlege prisen.

I landsbruksplanen som vart vedtatt før jol i 2022, står det mellom anna at eitt av hovudmåla for Tokke-landbruket er å «oppretthalde og utvikle talet på husdyr og mjølkeprodusentar, og legge til rette for satsing og aktivitet».

Ifølge kommunedirektøren var det i mars to mjølkeprodusentar som søkte om tilskot til kjøp av mjølkekvote. I landsbruksplanen ligg tilskotet på kjøp av mjølkekvote på 75 prosent av statleg pris. Tilskotet er basert på at den statlege prisen er fire kroner/literen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunedirektøren skriv at på grunn av høg pris i marknaden søkte mjølkeprodusentane om å auke tilskotssatsen, og rådde politikarane til å auke tilskotet til 100 prosent av statleg pris.

Saka var fyrst oppe til handsaming i utvalet for landbruk, miljø og teknikk. Då foreslo Senterpartiet at det i tillegg blir gjeve eit tilskot på 1 kr/liter for kjøp av kvote internt i Tokke kommune.

Forslaget, saman med tilrådinga frå kommunedirektøren, vart samrøystes vedtatt. Fyrst i utvalet, og deretter vart det endeleg vedtatt av kommunestyret i slutten av april.

Les også
Vil synleggjere verdiskapinga som skjer innafor jordbruk og landbruk

Lite til sal

I vurderinga til kommunedirektøren står det at prisen på mjølkekvotar er styrt av tilbod og etterspurnad, og varierer mykje.

Det er også få mjølkekvotar som kjem for sal i Telemark, kvotesalet er inndelt i regionar. Det betyr at kjøp og sal må skje innafor regionen, for eksempel Telemark.

Eit kjapt søk på finn.no den 10. mai viser at det i heile Noreg akkurat nå er 25 mjølkekvotar til sals, her finst både ku og geit. Éin av mjølkekvotane som er til sals er i Telemark.

Ein del bønder leiger kvote i staden for å eige. Kommunedirektøren påpeikar at det er ein stor tryggleik å eige kvote framfor å leige, og «å auke satsen ytterlegare kan derfor også vere med på å halde meir kvote i kommunen og gjer det gunstigare for mjølkeprodusentane å satse vidare».