Bokbad: Forfattar Elin Eika Bringa (t.v.) i samtale med doktorgradsstipendiaten Margit Ims innleia årets litteraturfestival i Bø.

– Kva førestillingar har me om gamle damer?

Dét var eit sentralt spørsmål då doktorgradsstipendiaten Margit Ims samtala med romanforfattaren Elin Eika Bringa om debutromanen hennar.

Romanfiguren Gonhild, sjukeheimspasient på nesten hundre, har eit rikt indre liv som bryt med fasaden. Det slo forskar, filosof og forfattar Margit Ims fast då ho og Elin Eika Bringa møttest til samtale i kantina på universitetet i Bø. Arrangementet var det fyrste innslaget under årets Bøker i Bø, og tilskipinga var i regi av Brage Bok.

Elin Eika Bringa

Fødd i 1987 og voks opp i Bø i Telemark

Har ein mastergrad i pedagogikk frå Universitetet i Oslo

Er no busett i Seljord med mann og tre barn

Debuterte med lyrikksamlinga «Mjuk som kordfløyel» på Lyrikkforlaget i 2021

Gav nyleg ut romanen «Snart er eg natt» på Bonnier Norsk Forlag

(Kjelder: wikipedia.org og forfatterforbundet.no)

Artikkelen held fram under annonsen.

Litteraturfestivalen Bøker i Bø blei etablert i 2012 etter initiativ frå Eldrid Lunden og Rune Christiansen ved forfattarstudiet i bygda. Mellom femti og seksti personar var møtt fram for å høyre på samtala om romanen og romanfiguren Gonhild, som opplevde at livet ikkje blei heilt som ho ville.

– Ho er ingen søt, gamal dame, tvert imot er ho litt tverr og bitter, sa forfattaren.

– Frå dødens rand

Romanen, som er utgjeven på Bonnier forlag, blir skildra som ein levande roman frå dødens rand.

– Den handlar om forspilte sjansar, om å vera på utsida av si eiga historie medan åra renn forbi, skriv forlaget.

Elin Eika Bringa har nytta både Bø geografisk, og lynnet til bøheringane, i romanen sin.

– Det er som eit kjærleikserklæring til bygda mi, sa ho til heimepublikummet sitt.

Så spørst det om dei kjenner seg att som tause folk der rosen sit langt inne. Forfattaren gav døme på seiemåten som kunne fylgje eit spørsmål etter at middagen var servert.

– Var det godt?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ikkje noko usmak på dette, nei, kunne svaret vera.

Svik og skam

Ims slo fast at det i boka var mykje svik.

– Er det slik at Gonhild sviktar seg sjølv, spurde ho.

– Gonhild er eit menneske som skammar seg mykje. Ho har mindreverdskompleks. Det er så mykje ho ikkje har fått formidla, særleg til dottera. Gonhild har til tider vore litt irriterande å skrive om, humra forfattaren frå podiet.

Ho kom også inn på spørsmålet om kva folk angrar på på dødsleiet.

– Det handlar alltid om relasjonar, understreka ho.

Som Elin Eika Bringa tidlegare har uttalt til Vest-Telemark blad er boka ein refleksjon over eldreomsorga. Framfor dei frammøtte litteraturinteresserte las ho om ein dusj-scene ho sjølv hadde vore med på då ho hadde sommarjobb på sjukeheimen i Bø.

– Gråteklumpen frå denne episoden sat veldig lenge i. Det å gå frå å vera eit sjølvstendig menneske er noko veldig sårbart, la ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sommarjobben på sjukeheim gjorde inntrykk på Elin. Nå gir ho ut bok