Margit Bjåland

Sommargjesten: Margit Bjåland (90) frå Morgedal

Namn: Margit Bjåland

Alder: 90

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjem frå: Sarpsborg, bur i Kviteseid

Gjer: Bur på Midtsundtoppen omsorgsheim, men har tidlegare jobba som hjelpepleiar på Dikemark sjukehus og med ungdomar på PPD i Kviteseid

Kva er det beste sommarminnet ditt?

Dei beste sommarminna mine har eg frå heii i Morgedal, og på hytta der ved Breivatn ovanfor Bjåland gard.

Kva er planane dine i sommar?

Snart kjem eldste dotter mi Tone heim og tek meg med opp til huset mitt i Morgedal der me skal bu i lag eit par dagar. Det gler eg meg til. Elles er det fint å sitje ute her på Midtsundtoppen om sommaren. Flinke pleiarar og god mat bidrar til å gjera detta til ein flott plass for oss som treng det.

Kva er det beste ved sommaren i Vest-Telemark?

Naturen her er veldig fin. Me har god utsikt herfrå utover Kviteseidvatnet og åsane bakom. Det at MS Victoria kjem er eit sikkert sommarteikn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og kva saknar du?

Eg er glad i kysten, og har vore mange somrar der, både under oppveksten i Sarpsborg og seinare på hytter langs fjorden. Eg elskar å bade i saltvatn, så det er nok det eg saknar mest med sommar i Vest-Telemark.

Kva vesttele ville du helst ha sete fast i eit slusekammer med?

Om eg sat fast i eit slusekammer ville eg hatt med med Tulle Groven. Ho er inderleg koseleg og ringer meg ofte. Det ville ikkje vera noko problem for oss å halde praten i gang.

Kva er det beste sommarmåltidet?

Eg er ikkje så veldig glad i kjøt, for det er til tider hardt og seigt. Fisk derimot er kjempegodt, i alle slags variantar, også på grillen. I min barndom fiska eg mykje med storebroren min rundt Hvalerøyene. Det var veldig moro, og me fekk alltid fisk.

Kva dialektord likar du best?

«Høtte»

Artikkelen held fram under annonsen.

Har du ei skjult perle i Vest-Telemark?

Eg kan vel ikkje skjønne anna enn heii i Morgedal. Plassen betyr mykje for meg. Morgedølane tok meg godt imot då eg kom, det kjem eg aldri til å gløyme.

Vatn eller fjell?

Då må eg nok seie fjellet, då det er vakkert uansett årstid.

Nokon du vil helse til?

Eg vil helse til Gulle og Marie Versto og Tulle Groven.