RØFF: RØ for Røde Kors. FF for fyrstehjelp og friluftsliv. Då VTB var på besøk var det kart om kompass som sto på programmet.

Nokon møter opp fast kvar gong. Andre kjem innom når det passar. Men alle er alltid velkomne i ungdomsgruppa

Fritid med meining, kallar Jarle Bjørge Øverland det. Han er initiativtakaren til ungdomsgruppa det lokale Røde Kors-laget i Seljord har.

Kvar tysdag møtast dei på Røde Kors-huset. Der lærer dei om søk, førstehjelp og friluftsliv. I tillegg er dei på turar.

Ung i Vest-Telemark

Nasjonale tal viser at unge i dag sit meir heime og i mindre grad deltek i organiserte fritidsaktivitetar. VTB har undersøkt korleis stoda er i Vest-Telemark. Kva tilbod har dei unge her? Kva etterlyser ungdomane sjølve? Og kven er dei vaksne som stiller opp kveld etter kveld?

Denne veka: Seljord og Rauland

Artikkelen held fram under annonsen.

Sosial møteplass

– Dette er ein veldig sosial møteplass. Ein møter stadig nye folk her, seier Saifullah Gadamorov (13). Han er ein av fleire deltakarar på RØFF.

– Me lærer korleis me kan redde liv og korleis ein kan klare seg ute på tur, seier Åsne Manheim (13). Ho meiner det er nyttig å kunne grunnleggjande førstehjelp.

Tyril Kleiva er 14 år og har vore med i RØFF ei god stund. I sommar var ho med på RØFF -camp. Der møtte ho Røde Kors-ungdom frå heile landet.

– Det var veldig gøy, fortel ho.

RØFF har gjeve meirsmak, og Tyril kan godt tenke seg å bli med i hjelpekorpset når ho blir vaksen.

RØFF: I Seljord har Røde Kors eit tilbod for ungdom frå sjuande klasse og opp til atten år. F.v. Mohamed, Åsne Manheim, Tyril Kleiva og Saifullah Gadamorov.

Stiller opp for ungdommen

Ungdommane fortel om turar, der dei overnattar og lagar mat ute. Dei lærer om GPS, kart og kompass, og dei er fulle av lovord om leiaren, Jarle.

– Jarle stiller alltid opp. Han tek oss med på turar og bruker mykje tid på at me skal ha det bra, seier Åsne.

– Han er veldig flink til å inkludere og veldig oppteken av at ingen skal føle seg utanfor eller bli slengt drit til, legg Saifullah til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og han er alltid i godt humør, kjem det frå Mohamed.

– Jarle bryr seg, og han meiner det er viktig at alle skal prøve seg, understrekar Tyril.

Stiller opp: Jarle Bjørge Øverland på tur i hengekøye.

Mange tilbod i Seljord

RØFF er ikkje den einaste fritidsaktiviteten ungdommane VTB møter i Seljord deltek på. Dei fortel om fotball, ski, alpin, kulturskule, turn og teater. Dei meiner fritidstilbodet i Seljord er bra.

– Seljord er ei sosial bygd. Her er mange tilbod, seier Åsne.

Sidan det er så mange tilbod, er det ikkje kvar gong dei får til å kome på Røde Kors-huset på tysdagskveldane. Saifullah har blant anna barmarkstrening same dag.

– Men i dag ville eg vere med her, seier han.

Jarle meiner det må vere slik. Nokre møter opp fast kvar gong. Andre kjem innom når det passar. Men alle er alltid velkomne.

Jarle er stort sett på RØFF kvar gong, men har også med seg ein eller fleire andre hjelparar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heilt nødvendig å vere to, seier han.

Fritid med meining

I tillegg til å vere leiar for ungdomstilbodet, er Jarle med i det lokale hjelpekorpset og nestleiar i landsrådet for Røde Kors. Han veit ikkje heilt kor mykje tid han brukar på Røde Kors, men tippar ti til tolv timar i veka.

På Røde kors-huset: Kvar tysdag er Jarle Bjørge Øverland saman med denne gjengen.

– Eg reknar ikkje så mykje på det. Så lenge eg synest det er moro, så heng eg meg ikkje opp i timane. Det er kva ein får gjort som er viktig.

Han er fornøgd med at dei har klart å halde eit stabilt tilbod i seks år. Og så er han fornøgd med at ungdommane trivst og møter opp.

– Nokre av ungdommane er med på mange aktivitetar i Seljord. For andre er dette det einaste tilbodet dei deltek på, fortel han.

– Har du ein draum for framtida?

Svaret kjem raskt frå den engasjerte RØFF-leiaren.

– Eg har lyst til å få til RØFF-camp i Vest-Telemark i 2024, der alle RØFF-gruppene i landet blir invitert, enten i Seljord, eller ein annan stad i Vest-Telemark, seier Øverland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søk og redningsaksjonar: Ungdommen lærer korleis dei kan bidra om nokon har skada seg ute.
På turar: Gjengen er mykje ute.
Båre: Her sørger ungdommane for at den skadde skal ligge trygt på båra.
Les også
Dugnadsforeldre driv ungdomsklubben: – Dei gjer mykje meir enn me ser!
Les også
Tor Øystein jobbar fulltid for tenåringane i Tokke: – Mitt største ønske er at ungdommen kjem tilbake til klubben
Les også
Møtestaden til ungdommen er YX: – Det er litt trist at ein bensinstasjon er staden å henge. Ikkje berre for dei unge, men for alle.