Dansegolv: – Ljoset følgjer rytmen, sjå, seier Tor Øystein, og trampar i golvet.

Tor Øystein jobbar fulltid for tenåringane i Tokke: – Mitt største ønske er at ungdommen kjem tilbake til klubben

Ungdomsklubben på Elvarheim er open tre kveldar i veka, og både inne og ute bognar det av aktivitetsutstyr. Bak det rikhaldige tilbodet på Dalen står Tor Øystein Gravdal – den einaste i Vest-Telemark med ungdommar si fritid som fulltidsjobb.

– Mitt største ønske er at ungdommen kjem tilbake til klubben, slår Tor Øystein fast.

– Før var det fullt hus alle klubbkveldane. No er det bra på fredagane, då kan det vere 30-40 stykk her. Men dei andre kveldane er det stille.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdommane blir særare og særare – eg veit ikkje korleis dette skal gå!
Tor Øystein Gravdal, Klubbleiar og miljøarbeidar

Han trur litt av forklaringa er at to av ungdomskulla no ikkje har fått «smaken på klubb» frå 7. klasse. Mange har også fått koronavanar, der dei heng saman berre to eller tre, heime. Nokre har nok også sete mykje heime og gama under pandemien.

– Det er gjengs over heile fjøla – ein høyrer det same frå fritidsklubbar over heile landet. Ungdommane blir særare og særare – eg veit ikkje korleis dette skal gå!

Tor Øystein ønskjer å opne klubben for fleire brukarar, både yngre og eldre ungdom, for å få meir aktivitet i huset. Samstundes ønskjer han også å nå ut til dei eldre ungdomane.

– Det er nokre 10. klassingar på klubb, men så er det bråstopp.

Han strekkjer ei hand ut mot dei.

– Eg er her, huset er her, og eg er er open for å koma dei i møte. Me kunne til dømes ha 16-årsgrense her ein av klubbkveldane. Eg kan lage taco til dei også, om dei vil, inviterer han.

Ung i Vest-Telemark

Nasjonale tal viser at unge i dag sit meir heime og i mindre grad deltek i organiserte fritidsaktivitetar. VTB har undersøkt korleis stoda er i Vest-Telemark. Kva tilbod har dei unge her? Kva etterlyser ungdomane sjølve? Og kven er dei vaksne som stiller opp kveld etter kveld?

Denne veka: Dalen

Full fridom

I 21 år har Tor Øystein brukt kveldar og helger på å gje ungdommar ein møtestad. Korleis får ein tak i ein slik person?

Artikkelen held fram under annonsen.

– I 2002 vart eg ringt etter av ein kar som var aleine om å drifte ungdomsklubb på Elvarheim, og som trong hjelp, fortel han.

Karen som ringte trekte seg etter kvart ut av klubbdrifta, og dermed var Tor Øystein i gang som klubbleiar. I starten hadde han ei 25 prosent stilling. Denne fekk han gjennomslag for å auke i fleire omgangar, og etter om lag fem år var han oppe i 100 prosent. Dei siste 15 åra har han jobba fulltid med ungdom – 60 prosent klubbleiar og 40 prosent miljøarbeidar.

– Eg er på mange måtar min eigen sjef, og kjenner at eg har full tillit frå min overordna.

Kampanje: Tor Øystein vil at ungdommane skal ha det trygt og godt, og fekk dei unge med på å lage ei kampanje for å hindre langing. – Det var ikkje alle som likte at me hengte plakatane opp, men eg synest dei fekk fram bodskapen på ein kreativ måte, seier Tor Øystein. Plakatane heng framleis i klubblokalet på Elvarheim.

Kontinuitet gjev oversikt

Etter så mange år, kjenner Tor Øystein dei aller fleste ungdommane godt, og han har full kontroll på at reglane vert følgd.

– Her er det rusfritt, og det er veldig sjeldan nokon prøver seg på noko. Dei som greier å lure oss er kjempedyktige, for eg kjenner ungdommane så godt – eg ser det med ein gong når dei har tatt noko. Dei er nok glade når eg ikkje er på jobb slik sett, ler han.

Han er full av beundring for foreldre og frivillige som steller i stand klubb for ungdommane.

– Ta Dølten i Edland, til dømes, dei gjer ein kjempejobb, rosar han.

Samstundes meiner han det er sårbart med ei slik organisering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det fungerer heilt til den rette gjengen koplar ut, til dømes fordi dei har fått for store ungar. Så kan tilbodet fort bli liggjande brakk til den neste gjengen med nok pågangsmot dukkar opp.

Då går den viktige kontinuiteten tapt.

– Det er det eg er mest fornøgd med i Tokke. At me har fått til eit så stabilt tilbod over så mange år.

Kommunale ungdomsklubbar i Vest-Telemark

Tokke: Ungdomsklubb på Elvarheim tysdag, torsdag og fredag

Nissedal: Ungdomsklubb på fleirbrukshuset onsdag, fredag og laurdag

Fyresdal: Ungdomsklubb på samfunnshuset onsdag og fredag

Vinje, Seljord og Kviteseid har ikkje kommunale ungdomsklubbar.

Det finst likevel ungdomsklubbtilbod i desse kommunane i regi av friviljuge (føresette, religiøse grupper, friviljuge organisasjonar osb).

Tydeleg tale frå ungdomsskuleelevane: I Tokke, Fyresdal og Nissedal har dei kommunale ungdomsklubbar, og dei same tre kommunane har også har den klart høgaste prosentdelen ungdommar som deltek på klubben. Tala er henta frå Ungdata-undersøkinga 2021. Spørsmålet ungdommane fekk var: «Kor ofte har du deltatt på aktivitetar, møte eller øvingar på ungdomsklubb/ungdomshus/fritidsklubb?» Dei som svara «ingen gonger» er blå i diagrammet, medan dei som svara ein eller fleire gonger er oransje.

Treng eit team

– Av og til tenkjer eg – skal eg gjere noko anna? Men nei, eg har det så bra, seier Tor Øystein. Han er 57 år, og har ikkje tenkt å gje seg med det fyrste, men likevel ...

– Eg må jo lære opp ein arvtakar!

På klubbkveldar og arrangement er dei avhengig av å vere fleire vaksne, og i mange år har Tor Øystein hatt to ungdomsarbeidarar med på klubben. No har den eine blitt pensjonist, og den andre gav seg etter sju år.

– Eg har fått stabla det på beina fram mot sommaren, med ein fast person i 13 prosent stilling, som truleg blir auka til 20 prosent no, og så to vikarar og ein tredje person som også er innom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han håpar ein av desse kan ta over stafettpinnen om nokre år.

Les også
Møtestaden til ungdommen er YX: – Det er litt trist at ein bensinstasjon er staden å henge. Ikkje berre for dei unge, men for alle.

Elvarheim

Ein ting er å skaffe rette person til å drifte klubben, men ein god tilhaldsplass er også viktig. Tor Øystein har full råderett over heile Elvarheim, som ligg fint til ned mot Bandak. I si tid gav Raudekrossen huset til Tokke kommune, med føresetnad om at det skulle vere eit rusfritt ungdomshus.

Full av minne: – Denne bardisken tenkjer eg å få ei glasplate på, seier Tor Øystein og stryk handa over skribleria frå mange kull tenåringar.

Her har Tor Øystein tre klubbrom i kjellaren, pluss kjøkken og toalett.

– Det eine rommet har kiosk, sittegrupper, dansegolv og diverse spel – biljard, airhockey og nokre stolar med bilspel. Og i neste rom har me eit fullt utstyrt spelerom med X-box, playstation, og så vidare. Og så har me eit roleg TV-rom, der ein kan slappe av og sjå litt TV i ro og fred.

I tillegg har han ein gymsal full av utstyr i 1. etasje, og eit kontor med skrivar og den slags.

– Men kontoret mitt er stort sett her nede på kjøkkenet, smiler han.

Utanfor Elvarheim er det ein stor asfaltplass med benkar og bord, ein ny skatepark, og eit grønt, fint parkområde.

– Me flyttar klubben ut på våren, då er det full fart her ute. Eg har masse utstyr her ute også, BMX-syklar, sparkesyklar og pennyboards, for å nemne noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny skatepark: Det siste tilskottet til aktivitetstilbodet på Elvarheim er ein skatepark.

Samarbeid på kryss og tvers

På kjøkkenkontoret sit Tor Øystein og planlegg aktivitetar og arrangement, og skriv søknadar for å skaffe midlar til arrangement og utstyr. Årleg skaffar han mellom 50 000 og 90 000 kroner til utstyr frå ulike fond og stiftingar, som han nyttar på utstyr, transport, arrangement og liknande.

– Det kan bli litt einsamt til tider, og det er viktig med litt vaksenkontakt også. Så eg passar på å stikke innom kommunehuset så ofte som råd. Dessutan har eg eit godt samarbeid med skulane, eg har faste møtetider med helse og politi, og kvart år deltek eg på landskonferansen til organisasjonen Ungdom og Fritid.

Også i nabokommunane har han gode samarbeidspartnarar, og spesielt framhevar han Svein Slyngstad, som driv ungdomsklubben i Fyresdal.

– I mai tek eg og Svein med oss ungdommar på Sverigetur nesten gratis, og ungdommane våre besøker kvarandres klubbar stadig.

Dukkar det opp noko spesielt, gjer Tor Øystein alt han kan for å få Tokkeungdommen med.

– Til dømes hadde me full buss til Nissedal då det var konsert i sommar, og me stiller alltid opp på Zululan i Kviteseid.

Les også
Knallstart på rusfritt arrangement

Ungdomsarbeidar – på godt og vondt

Den høgreiste, breiskuldra ungdomsarbeidaren vil helst vere i bakgrunnen. Samstundes er det godt å bli sett også.

– I sommar var Fagbladet her og skreiv eit stort stykke. At dei ser oss, det er veldig bra, det er eg stolt av!

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er fleire enn Fagbladet som har sett Tor Øystein, og i 2011 vann han Ungdom og Fritids pris. Den heng på veggen i klubben, og vekkjer blanda kjensler hos han. Det var godt å bli sett pris på, og ein skikkeleg koseleg tur til Oslo i juni 2011 for å ta imot prisen, saman med ungdommar frå klubben.

Sett pris på: Ungdomsklubben på Dalen er med i organisasjonen Ungdom og Fritid, og i 2011 gjorde dei stas på Tor Øystein og jobben han gjer.

Ein månad seinare, 22. juli, snudde sommaren til å bli ein av dei mørkaste i Tor Øystein sitt liv.

– Eg har mista nokre ungdommar i løpet av åra mine som klubbleiar. Det har blitt nokre minnestunder. Og 2011 var heilt forferdeleg, seier han stille.

Les også
Fire år sidan dei mista ein av sine

Drøymer om seks store festar

Likevel er det mange gode opplevingar som veg opp for dei vonde, og eit av hjartebarna til Tor Øystein er den rusfrie festen. Kvart år inviterer han heile Vest-Telemark på fest, og i år var det samla heile 210 ungdommar på Elvarheim.

– Og ikkje ei ølflaske i sikte nokon stad. Me fann ikkje noko tomgods ute neste dag heller!

Han drøymer om å samle 250 ungdommar når Spinning Wheel spelar opp til dans i februar.

– Dei er eit countryband frå Notodden, og har vore backingband for Brad Paisley, reklamerer han.

Stolt klubbleiar: Det gule klubbhuset Elvarheim er proppfulllt av all slags aktivitetsutstyr, og kvart år samlast ungdom frå heile Vest-Telemark til rusfri fest. – Me fann ikkje ei einaste ølflaske verken ute eller inne etter førre fest, og då var det 210 ungdom samla her, smiler Tor Øystein.

Men draumane hans strekkjer seg vidare enn å berre fylle Elvarheim.

– Eg skulle ønskje at alle kommunane i Vest-Telemark hadde eitt stort rusfritt arrangement kvar i året. No er festen her og Zululan i Kviteseid godt innarbeidd. Viss resten blir med, hadde det hadde blitt seks store festar eller samkomer årleg – då begynnar me å snakke!