Saknar møtestad: Dei eldre ungdommane på Dalen saknar ein uformell sosial møtestad. No er YX einaste alternativ, seier Oda Båtnes Bergland (t.v.) og Mari Årlid i Tokke ungdomsråd.

Møtestaden til ungdommen er YX: – Det er litt trist at ein bensinstasjon er staden å henge. Ikkje berre for dei unge, men for alle.

VTB skulle møte leiaren og nestleiaren i Tokke ungdomsråd på den sosiale møtestaden dei helst brukar på Dalen. Det viste seg å vere YX-stasjonen.

– Det er litt trist at ein bensinstasjon er staden å henge. Ikkje berre for dei unge, men for alle, seier Oda Båtnes Bergland.

Det er ein triveleg bensinstasjon, og me har slått oss ned i ein av fleire båsar med mørkebrune tosetarar. Borti hjørnet står eit rundt bord med barstolar til, og lenger inn i lokalet er det ein sofakrok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ung i Vest-Telemark

Nasjonale tal viser at unge i dag sit meir heime og i mindre grad deltek i organiserte fritidsaktivitetar. VTB har undersøkt korleis stoda er i Vest-Telemark. Kva tilbod har dei unge her? Kva etterlyser ungdomane sjølve? Og kven er dei vaksne som stiller opp kveld etter kveld?

Denne veka: Dalen

Oda er 16 år og nestleiar i Tokke ungdomsråd. Ved sida av henne i tosetaren sit leiar i ungdomsrådet, Mari Årlid (17). Begge jentene er elevar ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.

Litt trist: Oda Båtnes Bergland (t.v.) og Mari Årlid er begge i Tokke ungdomsråd og elevar på den vidaregåande skulen. Dei synest det er litt trist at YX er det einaste kafétilbodet på Dalen.

Skule eller fest – eller YX

– Me unge hadde hatt godt av ein open, uformell møtestad. No sjåast me på skulen eller på fest, seier Mari.

– Eg har snakka med i alle fall 20 stykk i dag på skulen for å høyre kva for sosiale møtestadar folk har, og alle seier det same: Skulen er ein møteplass, og utanom det er det ut på fest med andre ungdommar – eller henge på YX, utdjupar ho.

Eg trur det ofte er det sosiale behovet dreg ungdommane til festar dei eigentleg er for unge til, og ikkje nødvendigvis alkoholen.
Mari Årlid, Leiar Tokke ungdomsråd

– Det kan vere keisamt å vere 17 år, legg ho til.

– Ein kan kjenne at ein har vekse frå det meste, og samstundes er ein for ung til alt det andre. Eg trur det ofte er det sosiale behovet som dreg ungdommane til festar dei eigentleg er for unge til, og ikkje nødvendigvis alkoholen.

Har vekse frå ungdomsklubben

På Elvarheim er det ungdomsklubb tre dagar i veka, men dette tilbodet passar ikkje for dei eldre ungdommane, meiner jentene.

– Eg var der kvar helg i 7. og 8. klasse, men etter det har eg vore der lite, fortel Oda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var også mest innom klubben fram til slik 8. - 9. klasse, men for å vere ærleg var eg ganske lite på Dalen medan eg gjekk på ungdomsskule, tilstår Mari. Ho var elev ved Høydalsmo skule på grunnskulen.

Med på lite: Tal frå Ungdata-undersøkinga viser det same som Mari og Oda fortel: Dei fleste ungdommane på den vidaregåande skulen i Tokke nyttar ikkje dei organiserte fritidstilboda som finst. Diagrammet er henta frå Ungdata-rapporten 2021 for Tokke (vidaregåande skule).

Vil ha fleire rusfrie festar

Begge jentene er einige om at det er stor stas med rusfrie festar for dei yngre ungdommane.

– Det er viktig med fleire rusfrie arrangement, slik at ungdommen kan velje å vere på fest utan at det er drikking inne i bildet, meiner Mari.

– Det er også veldig bra å treffe unge frå andre kommunar, legg Oda til.

Begge jentene er einige om at kommunegrensene ikkje burde vore så tydelege, og støttar utspelet til ungdomsarbeidar Tor Øystein Gravdal om ei ordning der alle Vest-Telemark-kommunane arrangerer ein rusfri fest kvar i året.

– Seks store festar i året, det hadde vore bra! Eg er sikker på mange opp til 16 år ville reist på dette, seier Mari.

Les også
Tor Øystein jobbar fulltid for tenåringane i Tokke: – Mitt største ønske er at ungdommen kjem tilbake til klubben

Kva med kvardagen?

Rusfrie festar er vel og bra, og kanskje særleg for dei i ungdomsskulealder. Men det dei eldre ungdommane lengtar etter, er ein sosial møtestad i det daglege.

– Me skulle hatt ein plass der ein berre kan stikke innom. Det er fleire skuledagar der ein er ferdig klokka halv tolv, og bussen går ikkje før 15. Det hadde vore fint å ha ein hengestad som ikkje var skulen eller YX, seier Mari.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig for den psykiske helsa å kjenne at ein høyrer til ein stad. På ungdomsskulen var det noko kvar kveld – jentetrening, fotball og så vidare. Ein kjende at ein høyrde til. På vidaregåande endra dette seg – fotballaget løyste seg opp, og folk vart meir spreidd.

– Kunne det vore eit alternativ med ein kveld der ungdomsklubben hadde høgare aldersgrense?

– Nei, svarar jentene bestemt. Dei ønskjer seg eit tilbod som er der ofte, og som er fritt og uformelt, utan oppmøtepress.

– Det øydelegg liksom alt viss tilbodet blir pusha på oss – me vil ikkje ha eit press om at «i kveld er det klubb for dei eldre, så då må du dit», seier Mari.

Ungdomskafé på Frivilligsentralen?

– Det me skulle hatt er ein kafé, slår begge jentene fast.

Ei mogeleg løysing på kafébehovet har alt blitt lufta i arbeidsgruppa til kommunen si satsing «Frå haldning til handling», der Mari er med.

– Me i arbeidsgruppa har vore i kontakt med Frivilligsentralen om ei løysing der ungdom kan bruke lokala deira, fortel ho.

– Det er ein potensiell møtestad, men då må nokon gå inn i ein dialog med Frivilligsentralen om korleis dette skal bli organisert. Så då får kanskje Ungdomsrådet gå i dialog da, seier Mari.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utfordringa er kven som skal ha ansvaret. For der ungdom samlar seg, kan jo også uønskte ting skje.

– Det ser ein her på YX også, seier Oda. Ho jobbar på bensinstasjonen på kveldstid, og det har av og til hendt at det blir litt bråk eller forsøpling når ungdommane samlar seg der.

Open hall og verkstad

Eit anna tilbod dei gjerne kunne tenke seg, er open idrettshall.

– Det hadde vore fint, både for å halde seg i form og vere sosial, seier Mari, og legg til:

– Og tenk om mekken kunne vore open ein kveld i veka, det hadde kanskje vore populært!

Jentene trur at det er viktig korleis tilboda vert marknadsført også.

– Det er noko med sosiale medium og korleis dagens ungdom skal verke så vaksne og modne, sukkar Mari.

– Ja, det må gjerast slik at det blir interessant nok. «Kom på pizzakveld», blir for barnsleg, trur Oda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og alle skal kommentere alt, og det må framstå slik og slik. Ein tenkjer ikkje heilt over det, men ein blir jo veldig påverka, seier Mari.

– Ein kan bli negativ, utan at ein tenkjer over det. Det er ikkje så lett å reise ned på klubben når ein får reaksjonen – «Hæ, kvifor skal du det?!», liksom, seier Oda.

Dessutan tilhøyrer dei generasjonen som sat heime i eit nedstengt samfunn då dei skulle ha begynt å møtast sosialt som ungdommar.

– Terskelen for å finne på ting har blitt høgare, og ein har blitt vant til å vere meir heime. Vår generasjon har blitt så sære, innrømmer Mari.

Ein breiare 50-lapp-ordning

Kva for møtestadar ungdommen har er ein ting, men i tillegg må ein koma seg dit – og heim att.

– Dei lange avstandane er eit problem, og igjen skulle me ønske at ein såg på Vest-Telemark og ikkje på ein og ein kommune, seier Mari.

– Avstand er eit tema heile tida, enten det gjeld å kunne møte på fotball i Åmot, eller for å koma seg heim frå kafé. Å bli 18 og få lappen blir eit nytt kapittel!

Både Oda og Mari har eit klart bodskap når det gjeld transport:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me håpar at «heim for ein 50-lapp» kjem til heile Vest-Telemark!