På leir: Boblefotball var populært på leiren, arrangert av Elim, Høydalsmo Kristne Skulelag og Torsdagsklubben saman med Pinsevenenes leirarbeid i Telemark.

Mykje moro på Bu heime-leir i Høydalsmo

Klokka er kvart på ni den fyrste måndagen i sommarferien 2020. Det er endeleg skulefri, men likevel summar det lågt av stemmer utanfor gymsalen på Høydalsmo skule. Ti ungar ventar allereie spente.

– Velkomne til Bu heime-leir i Høydalsmo! Så moro å sjå dykk, alle saman! Klokka har runda ni, og fire gira leiarar står framfor gjengen som har meldt seg på den første leiren av dette slaget i bygda.

– Sjølv om eg har flytta herifrå, så langt som til Kviteseid, er det moro å kunne gje noko til ungane i heimbygda, seier høysekken Jens Christian Austjore-Hosum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han og kona Cecilie er primus motor for leiren saman med Kjersti og Leif Ofte Leland og Ellen Ofte Jakobsen.

– Slike tilbod er spesielt viktige i desse koronatider når så mykje ikkje blir som planlagt, held Jens Christian fram.

På leir: Big SUP var populært på leiren, arrangert av Elim, Høydalsmo Kristne Skulelag og Torsdagsklubben saman med Pinsevenenes leirarbeid i Telemark.

Også alle arrangement ved pinsevenenes kurs- og leirstad i Fyresdal vart avlyste i år, men leirutvalet tok initiativ til samlingar rundt omkring i Telemark i staden, noko som tydelegvis fall i smak i Høydalsmo.

– Det er veldig fint å vere med alle venene mine sjølv om det er ferie, seier Sofie O. Ofte og smiler til venninnene som sit ute i den varme sommarsola og et pizza til lunsj. Er det ferie og leir, så skal ein merke det, også på menyen.

Dei ti deltakarane mellom ti og tolv år fekk tre dagar fulle av moro saman. Kvar dag starta med ei samling inne med song, andakt og konkurransar. Pinsevenenes leirarbeid i Telemark hadde laga artige videoar med temaet «Skattejakta». Her snakka dei om kva Bibelen lærer at er «skattar» i livet: Godleik, venlegheit, truskap, sjølvkontroll, audmjukskap og tolmod.

– Ein brukar jo dette heile tida. Korleis ein kan vere god mot seg sjølv og andre, seier Maria T. Valencia.

Samlingane skapte engasjement og interesse, men det var nok likevel aktivitetane som var det store trekkplasteret. På spørsmål ved leiren sin slutt om kva høgdepunkta hadde vore, var det boblefotball og SUP (Stand Up Padling) som gjekk att.

– Men alle leikane og konkurransane var også kjempebra! skyt Torjus Sivertsen inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og pil og boge, kjem det frå Aasmund S. Rasmussen.

På leir: N/A

– Maten var også god! Lovorda kjem på rekke og rad før June Aalandslid oppsummerer:

– Eigentleg har alt vore morosamt!

Dette kunne også leiarane skrive under på.

– Me har kost oss vel så mykje som ungane, trur eg, smiler Jens Christian. Cecilie nikkar ivrig.

– Ungane har vore så fine! Gode, hjelpsame, tolmodige og engasjerte. For ein flott gjeng!

Dei fem leiarane er tydeleg einige om at mykje av leiren sin suksess, kan tilskrivast ungane sjølve.

– Ja, dette blei ein kickstart på sommaren 2020! avsluttar Leif for å gjere seg klar til å servere lasagne og is til avslutningsmiddagen for leiren onsdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tekst og bilete: Kjersti Ofte Leland

På leir: Deltakarane på sommarleiren i Høydalsmo. Bak frå venstre: Maria Tveito Valencia, Mathea Gulseth, Sofie Othilie Ofte, June Aalandslid, Sverre Nygård Ståland. Framme frå venstre: Aasmund Støyle Rasmussen, Sigrid Lofthus, Kristin Lofthus, Henny Tellefsen og Torjus Sivertsen.
På leir: Venninnene frå mellomtrinnet ved Høydalsmo skule kosar seg på leir med lunsj i sommarsola.
På leir: Maria Tveito Valencia og Torjus Sivertsen tek ein velfortent pause.