Kva i alle dagar!

Det er fredag morgon. Gutungen sit og et frukosten, så kjem det eit kraftig utbrot:

– Pappa, kom!

Artikkelen held fram under annonsen.

Det viser seg at han har fått besøk av éin av alle dei små skapningane han ikkje synest noko særleg om. Redningsmannen av ein pappa spring til for å sjå kva det er denne gongen. Vevkjerring att, kanskje? Men nei.

Der det uventa besøket sit på ei lampe, kjem det fram i lyset at dette ikkje er ei vevkjerring, men ein fargerik sommarfugl! Skivebom på årstida, gitt, men faktisk klokt å halde seg innandørs i staden for å vere utandørs og bli stivklaka og måtte byte namn til vinterfugl.

Gutungen vil ikkje ha det svært uventa besøket nær seg, og finn ein tommestokk på to meter for å bruke den til å pirke bort sommarfuglen. Den responderer straks, og flyg vidare til eit reinsdyrgevir i den varme stova. Der set den seg for ein kvil, roleg – og fotogen ...