Steinmoen: Institusjonen er bustad for 8-9 personar. Somme av dei feirar joleftan her.

Joleftan i kommunal regi

Jolestemninga utandørs ved Steinmoen bu- og servicesenter i Åmotsdal er det ingenting å seie på. Heller ikkje inne i stoga der det er pynta til festmiddag.

I det opplyste treet utandørs ligg snøen tung. Vender ein blikket oppover mot himmelen openberra ein kvelv av stjerner seg. Åmotsdal er kledd i den finaste vinterdrakta. Inne i stoga på Steinmoen kan det pynta joletreet skimtast. Når døra blir opna er det ikkje noka emmen institusjonslukt som slår imot ein, men den gode jolelukta av steikt ribbe.

– Ja, ho har stått i ovnen på 125 grader sidan klokka 1400 i dag, smiler Tove Lunde Aase, som er den som er på arbeid på Steinmoen joleftan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jola blei skoten inn

På middagsbordet står heimebaka brau og heimelaga tytebærsyltetøy klart. Ein tidlegare pårørande forærer institusjonen dette kvart år til jol, i tillegg til sjølvbaka kling. Middagen skal serverast i det jolehøgtida ringer inn, altså klokka fem. Brått høyrest eit skot. Den gamle skikken med å skjote jola inn blir tydelegvis halden i hevd i bygda.

Bordsete: Jolemiddag frå Dyrsku-kjøkenet, tilbereidd på kjøkenet på Steinmoen, med lokalprodusert tilbehør. Frå venstre: Halvor Ulvenes, Bergit Dyrland og Tove Lunde Aase.

Så er det bordsete. Medan Sølvguttene frå radioen syng «Julefryd, evige fryd. Hellig sang med himmelsk lyd. Det er engler som hyrdene så, ...», altså salmen «Glade jul», som sidan 2011 har vore på Unescos liste over kulturell verdensarv, blir maten servert. Ribbe, medisterkake, jolepølse, surkål, erter, gulrot og svisker. Med saus.

– Mmm, det er kjempegodt, smiler Bergit (Bibbi) Dyrland.

Historier frå Amerika

Inntil middagen blir det servert sukkerøl. Øl som er bryggja på Steinmoen, kan Tove fortelja. Rundt bordet går praten livleg. 96 år gamle Halvor Ulvenes, som har budd i USA det meste av sitt vaksne liv, har mykje å fortelje. Han var 31 år fyrste gongen han reiste.

– Eg kom til Amerika på kvote. Den gongen tok USA imot litt over tre tusen personar årleg frå Noreg. Eg måtte søkje immigrasjon, og var ein av dei som kom inn, fortel han.

Ulvenes budde i Chicago, der han dreiv i bygningsfaget. Chicago, som ligg i delstaten Illinois, er ifylgje snl.no den tredje største byen i USA. Som ein kuriositet kan nemnast at det i den store byen i Midt-Vesten i 1920 budde meir enn 97 000 fyrste- og andregenerasjons nordmenn, noko som gjorde Chicago til den største «norske» byen etter Oslo og Bergen.

Norsk-amerikanaren budde og arbeidde kring førti år i Amerika etter han reiste ut fyrste gongen.

– Seinare blei det ein del reising fram og tilbake. Så totalt har eg nok hatt føtene mine på amerikansk jord kring seksti av dei åra eg har levd. Eg har hatt mykje glede av å vera i Amerika, men nå har eg det betre her, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Riskrem og pakkeopning

Så går praten kring bordet vidare til det er klart for dessert. På føremiddagen har det, tradisjonen tru, blitt servert risengrynsgraut. På kjøkenet har Aase blanda i kremfløte – og serverer riskremen med raud saus.

På jobb: For Tove Lunde Aase frå Åmotsdal er det aller fyrste gongen ho har vore på arbeid joleftans kvelden. Ho syter for at bebuarane får ei triveleg stund.

Aase har arbeidd på Steinmoen bu- og servicesenter i ti år. No har ho ei 40 prosent stilling der, i tillegg til ei 40 prosent stilling i barnehagen i bygda. Etter middag skal pakkehaugen, som ligg bugnande under treet i hjørnet av stoga, opnast. Somme av pakkene er frå Frivilligsentralen i Seljord, som gjev gåver til institusjonane i bygda. Eit heimespita teppe derfrå blir pakka opp, før resten av utdelinga startar.

Om ikkje lenge skal Aase byrje å ta imot dei bebuarane som har vore på besøk jolekvelden, og som no kjem heim att til Steinmoen. Totalt er det plass til 9 personar der, men fordi ein av leilegheitene er under renovering no, er det berre 8 som bur fast på bu- og servicesenteret i Åmotsdal akkurat no.

Gebursdag på joleftan

Jubilant: Norolf Mellingen har årmålsdag joleftan. Denne dagen blei han 86.

Ein av bebuarane i Steinmoen feirar litt ekstra. Slik han sikkert også har gjort dei 85 føregåande joleftanane. For Norolf Mellingen er dette den 86 gebursdagen – og joleftan.

– Korleis var det å vekse opp med å ha årmålsdag den 24. desember?

– Tja, det var litt trasig somme gonger. Eg fekk vel litt gebursdagsgåver og litt jolegåver. Forresten så var det ikkje så mykje gåver den gongen. Det var mest nødvendige husflidsprodukt, seier jubilanten.

Ei krone som står på bordet vitnar om at han har hatt besøk i dag – også av nokon små. Mellom anna har han eit oldebarn på eitt år, kan han fortelje.

Mellingen vaks opp på Namsskogan i Nord-Trøndelag, men flytta sørover snautt 16 år gamal. Han utdanna seg til våpenspesialist og fekk arbeid på Marinens Artilleri i Horten, der han budde fram til han flytta til Seljord i 1998. No har han budd på Steinmoen i drygt eitt år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis trivst du her?

– Veldig bra. Her får ein det stellet ein treng, seier han, og gjer seg klar for inntak av tradisjonell joleribbe.

– Men i går, då blei eg overraska. Lutefisken eg fekk servert då var noko med det beste eg nokon gong har fått, smiler han.

Åmotsdal kyrkje joleftan: Tidlegare på dagen hadde soknepresten vore i kyrkja og lese joleevangeliet for kyrkjelyden. Om kvelden kviler Rønjom-kyrkja, som blei innvigd i 1792, stilt i heilag fred.

Inne går jolekvelden sin gang med kaffi, kling og småkaker på bordet. Ute glitrar snøen under stjernehimmelen.