Hundrevis av ungdom feira opninga av Mjølkerampa
– Dette er større enn det me har, seier to begeistra notoddingar. – Og finare enn vår klubb, smiler tre nissedølar. Dei er fem av 320 unge som er på plass i Seljord for å feire opninga av nytt ungdomshus.
I ein sofa inne på Mjølkerampa ungdomshus sit Jannicke og to gonger Hannah. Dei kan ikkje anna enn å samanlikne det nye ungdomshuset i Seljord med sin ungdomsklubb heime i Nissedal.
– Det er så fint og stort og moderne her, seier jentene, som meiner det må vere hundre år sidan deira ungdomsklubb vart pussa opp. Det aller beste med Seljord ungdomshus er alle dei små romma der ein kan vere litt for seg sjølv, meiner dei tre.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kjennest liksom friare enn å ha eitt stort rom.
Rett borti gangen har ein heil gjeng lokale niandeklassegutar inntatt spelerommet. Dei har hatt ein klubb å henge på før også, men synest det nye huset har blitt veldig bra.
– Men de vil ikkje inn på neonfesten, da?
– Jau då, me skal dit etterpå.
– Mjølkerampa var ein møtestad
For medan klubblokalet til seljordsungdomen er i romma i framkant av det gamle rutebilbygget på Brøløs, er den store garasjen i bakkant blitt rigga til neonfest denne fredagen. Ute skin sola, og buss etter buss rullar inn på den gamle bussplassen for å levere tenåringar frå bygdene rundt.
Den raude løparen er rulla ut, eit raudt sløyfeband er spent opp framom garasjeportane, og ein raudkledd ordførar gjeng fram og tek mikrofonen. Det er dei over tjue år som trekker mot opningsseremonien, medan målgruppa for ungdomshuset heng langs husveggane, vandrar bortetter Brøløs og spelar fotball og dinglar i klatretårna på uteområdet til ungdomsskulen rett på andre sida av vegen.
Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen er glad for at dei unge får ein ny møtestad, og liker godt namnet dei har valt: Mjølkerampa ungdomshus. For rutebilbygget har også vore meieri ein gong i tida, og det er faktisk ei betongrampe på eine sida. Dessutan var den tradisjonelle mjølkerampa meir enn ein stad der mjølkespanna vart henta – den var også ein møtestad.
– Eg er så gamal at eg sjølv har sete på mjølkerampa og dingla med beina, smiler Abrahamsen, før ho klipper sløyfebandet til klapping og jubel, hovudsakleg frå dei vaksne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ti prosent til å finne på ting
Så er det ungdommens tur. Musikk begynnar å dundre ut av høgtalarar både ute og inne, og tenåringane strøymer til for å få seg glowsticks og neonmåling frå smilande hjelparar i Mjølkerampa-t-skjorter.
To av dei som smiler breiast er klubbleiar Heidi Holth og prosjektmedarbeidar Johanne Heggtveit. Dei har stått på for både klubben og neonfesten, og er klare for storinnrykk i kveld.
Neonfesten er berre starten, for vidare framover vil klubben vere open for ungdommen annankvar fredagskveld og kvar måndag og torsdag frå skuleslutt og fram til klokka 18. Dessutan vil den også halde ope for mellomtrinnselevar annankvar tysdag. Holth fortel at ho har med seg fire aktivitetsleiarar på laget, som kvar har 10 – 20 prosent stilling.
– Det var ein rar stillingsprosent?
– Ja, ler Holth.
– Ti prosent av jobben deira er å vere her i opningstida, og så har dei ti prosent der dei kan finne på ting for ungdommane på eiget initiativ.
Stor plass både ute og inne
Det er ein uvanleg varm septemberkveld, og det fleire ute enn inne dei fyrste timane av neonfesten. Plasseringa rett ved ungdomsskulen gjer at det er rikeleg med ting å finne på utandørs, og gjer også at klubben blir lett tilgjengeleg for ungdommane etter skuletid.
Nokre festdeltakarar har også trekt inn frå start, og på ein av benkane inne på garasjefesten sit to jenter som har kome austfrå.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er fint her, og dette er mykje større enn det me har på Notodden, fortel Linn og Karina.
– Denne garasjen er ikkje med i klubblokalet til vanleg, da.
– Det er likevel større, ler dei to, som har kome i følge med ein heil gjeng andre notoddingar.
Kring tretti vaksne er til stades på festen saman med ungdomane, og ei av dei har tatt neontemaet på ordet. Kristin Parkinson Vågen er ungdomslos i Nissedal, og går i ein nærast sjølvlysande oransje kjole. Ho synest det er ein flott trend i Vest-Telemark, nå som fleire av kommunane har fått ein tradisjon for å invitere ungdom frå heile regionen til faste festar.
– Det er flott at me får til å besøke kvarandre.