Olav A. Nordskog: VTB-arkivet 15. september 2001.

Har ikkje skulka sidan 1918

VTB Dyrsku’n 2001: – Dyrsku'n er nå ikkje slik den eingong var, meiner den spreke 90-åringen Olav A. Nordskog frå Vrådal. I år vitjar han Dyrsku'n for 83. året på rad.

Olav A. Nordskog vart fødd i 1911, som ein av sju sysken. Han har budd mesteparten av livet sitt i Vrådal, der han mellom anna har jobba som landpostbod i femti år.

– Eg har hatt ein triveleg jobb, som har skaffa meg kjennskap til alle i bygda, smiler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andre november fyller Olav 90 år.

– Då blir det nok litt feiring, trur han.

Mor til Olav kom frå Kyrdalen i Brunkeberg. Difor vart mange somrar tilbringa der, og det vart også tradisjon å reise på Dyrsku'n.

Okse på frifot

Det fyrste møtet med Dyrsku'n står sterkt i minnet til Olav.

– Eg var sju år gamal, far hadde lånt hest og kjerre, og me køyrde til foreldra av mor på Kyrdalen. Olav fortel vidare at det var slett ikkje på same viset på Dyrskua den tida som nå.

– Det var tevlingar med kyr, oksar, sauer og hest. Kniv- og klokkehandel høyrde også med. Det var det som var ekte dyrsku, seier han tankefullt.

Fyrste gongen fekk han vere med bestemor. Då var det ein okse som braut seg laus.

– Det var ganske nifst då det store dyret sprang like ved meg. Oksen vart skoten, det gjorde inntrykk, minnest Olav.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rosemålar Olav er flink med hendene. I 34 år dreiv han med rosemåling, og måla både bollar og kubbestolar.

– Eg har måla 24 kubbestolar opp gjennom åra, og har stilt ut nokre av desse på tevlingar på Dyrsku'n. Eg vann mellom anna ein tredjepremie for denne kubbestolen i 1985, fortel han og peikar stolt opp på veggen der eit bilete av den premierte kubbestolen heng.

Skulkar ikkje

Sjølv om Olav meiner at mykje av sjarmen med Dyrsku'n er borte, kan han ikkje slutte å reise dit.

– Nå er det mest bilar, maskiner og slikt, men eg kan ikkje skulke heller veit du, seier han og ler.

– Det ser ut til å bli ruskever på min 83. tur over til Seljord, men det er då likt seg, avsluttar Olav mens han ser ut av glaset og gler seg til nok ein Dyrsku.

Søk i det historiske arkivet til VTB etter fleire artiklar. Her kan du søke etter enkeltord, namn og liknande. Du kan sjølv velje kva periode du vil søke i.