Elskar molter: Kirsten Winge er glad i å plukke molter og lengtar etter desse turane heile året.

Ei kjærleikserklæring til gullet på myra

Ei segn seier at viss det er stjerneklart på julekvelden, og du kan sjå mange av stjernene – ja, då kan du vente deg ein fin moltesesong året etter. Så korleis blir denne sommaren skal tru?

Det er noko spesielt med dei gule og saftige moltebæra som lyser mot deg på myra om du er heldig å komme først. Sesongen er kort, så det gjeld å vere der til rett tid.

Openberringa

– Eg var ute og sjekka i går. Hos oss i skogane i Trysil har det vore ein sein vår og mykje snø i vinter. Så eg har ikkje sett molteblomstrar her enno, men det er nok like før. Å finne dei første blomstrane er som ei openberring. Då må eg leggje meg ned og sjå om det er ho- eller hannblomstrar. Mest hoblomstrar gir håp om mange bær. Ein passe varm og våt vår og forsommar er perfekte forhold for moltene, seier biolog, kokk og molteentusiast Kirsten Winge til Nynorsk pressekontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har skrive mange matbøker basert på råvarer frå naturen. No har ho kome med ei kjærleikserklæring til molter. I boka «Moltetur» får vi råd om kvar vi skal leite for å berge julekveldsmolta og vel så det. Vi får også fakta om biologien til molta og kva bæra er blitt brukt til i folkemedisinen. Kokken har sjølvsagt også med ein meny av molteoppskrifter.

Bra for kropp og sjel

– Kva er det med molter og molteturar?

– Det er noko eg lengtar etter og ser fram til heile året. Eg vil ikkje kalle det mani, men det er noko mystisk og uføreseieleg med desse bæra som er prisgitt vêr og vind og pollinering av nok insekt. Det er alltid spennande om det kjem bær, for det varierer frå år til år, seier Winge.

Lyser gult: Det er ikkje gull alt som glimer, men har du funne ei myr der det lyser gult i gult av molter kjennest det nesten slik viss du er ein ekte entusiast.

Ho kan nesten ikkje lovprise turane til moltemyrane høgt nok.

– Desse turane gir meg «puls», men på ein positiv måte. Dei gir meg fine naturopplevingar og eg kosar meg skikkeleg. Det er ein spesiell ro over ein moltetur. Då lever eg der og då – i noet. Alle kvardagsbekymringar blir borte. Og så gir det meg sjølvsagt bær som kan nytast på mange ulike måtar, seier Winge.

Ho veit om mange moltemyrar i nærmiljøet sitt.

– Eg har mange stader å gå både i låglandet og på fjellet. Det kan gi ein lang sesong og mange kilo bær. Men molter er ikkje årvisse slik som blåbær. I 2018 plukka eg berre 1,4 kilo og det var ein skuffelse. I fjor fekk eg i hus 80 kilo og det må seiast å vere ein god sesong. Mykje bær stod til og med att på myra. Men eg plukkar berre nymodna og delikate bær. Det varme vêret i fjor gjorde at bæra modna raskt.

Allemannsretten

Lov til å hauste ville bær er ein del av allemannsretten. Det vil seie at du og eg fritt kan plukke molter i utmarka, men det er eigne reglar for Nord-Noreg. Der kan grunneigar innføre forbod mot molteplukking, men må då setje opp skilt om dette. Ein turgåar skal aldri behøve å vere i tvil om eit eventuelt plukkeforbod. Men uavhengig av forbod er det alltid lov å plukke og ete bæra på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom du er i tvil, bør du spørje grunneigaren før du plukkar og tek med molter frå Nord-Noreg, seier Kirsten Winge.

Bli lokalkjend

Wiker ivrar for at fleire plukkar molter og meiner det er nok til alle. Ho tilrår å spørje lokalkjente bærplukkarar om kvar det er molter å finne og hevdar det er ein myte at du berre får villeiande svar.

– Du får sikkert ikkje vite om «den hemmelege myra», men du får gjerne eit råd om kvar moltene veks i år. Dei av oss som brukar favorittområda våre ofte, finn alltid molter. Vi legg merke til korleis utviklinga er frå bløming til modne bær. Då veit vi kvar og når vi skal plukke, seier Winge. Ho vil at alle som ønskjer det, skal drive matauk i naturen og få gode opplevingar.

– Derfor deler eg gjerne nokre av moltemyrane mine med andre. Det er jo hyggeleg å gå i lag på tur. Men eg har også nokre hemmelege myrar, seier Winge lurt.

– Desse nærmar eg meg varsamt og helst i kamuflasjefargar. Eg tar gjerne ein bakveg eller omveg for å komme dit. Og eg passar på at ingen ser meg når eg kjem dit og drar derifrå.

Molter i mat

Kirsten Winge anbefaler molteplukking i tørt og solrikt vêr. Dette gir best resultat og gjer det enkelt å ta vare på bæra. Molter som er godt emballert og riktig behandla, kan faktisk halde seg opp til fem år i frysaren.

– Å ete ferske molter med mjølk eller fløyte er det beste, synest eg. Men det er mykje du kan bruke molter til i maten – mykje meir enn syltetøy og moltekrem, undestrekar kokken.

Moltedressing: Moltedressing serverast til steikt kjøt, gjerne viltkjøt.

Moltedressing

6 ss rømme

Artikkelen held fram under annonsen.

6 ss molter

Litt nykverna svart pepar

Litt salt

Nokre molter til pynt

Bland ingrediensane forsiktig saman, og smak til med salt og pepar.

Set dressingen kjølig ei stund slik at smaken får sett seg. Pynt med

friske molter. Moltedressing serverast til steikt kjøt, gjerne viltkjøt. Dressingen

kan også serverast på eit kaldtbord.

Artikkelen held fram under annonsen.

(Undersak - oppskrift) Moltepai

Paideig:

3 dl kveitemjøl

0,75 dl sukker

0,5 ts. bakepulver

0,5 ts. salt

150 gram smelta smør

Fyll:

Artikkelen held fram under annonsen.

0,5 kilo molter

cirka 1 dl sukker

Litt potetmjøl

Bland dei tørre ingrediensane og tilset smelta, avkjølt smør. La deigen stå kjølig minst ein halv time. Etter avkjøling trykkjer du deigen ut i ei paiform eller ei springform med tilsvarande diameter. Prikk deigen med ein gaffel. Strø litt potetmjøl i paibotnen. Bland molter og sukker og legg dette på paideigen i forma. Steik paien ved 200 grader i cirka 20 minutt midt i omnen. Moltepai serverast lunken saman med is eller vispa krem.

Moltesmoothie

(nok til to glas)

2 dl tjukkmjølk eller kefir

100 gram frosne molter

2 appelsinar – filetane

Artikkelen held fram under annonsen.

2 dl pressa appelsinsaft eller appelsinjuice

Litt moltesirup /sirup /sukker til å søte smoothien med.

Hell alle ingrediensane bortsett frå søtingsmiddelet i ei smoothiemaskin. Køyr blandinga til bær og appelsinar er most. Smak til med sirup viss du vil ha smoothien søtare. Drikken serverast i to glas. Pynt gjerne med friske bær eller tynne appelsinskiver.