VTB blei med dyretransportøren på jobb – Kviteseid–Sandeid tur/retur

05.30 Ikkje tid til å slumre meir. Finn fram nista og kaffien.

06.03 Jan Helge Breidalen svingar dyretransporten ut frå Hommanvegen i retning Tveitgrend. Den fyrste haustdagen, med 6 grader, har lagt eit kvitt teppe av dogg på prestegardsjordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Den blide dyretransportøren
Fyrste haustdagen: Arbeidsdagen startar heime på Møsasida klokka seks. Jan Helge må snu før fyrste oppdrag er i Tveitgrend denne dagen.

06.10 Lastebilen rullar ned på tunet til Olav Brauti. Jan Helge finn fram iPaden for å registrere dei fyrste dyra som skal inn på bilen.

06.39 Dei fyrste sauene er plassert. Olav sender 27 lam og 12 vaksne i dag. – Det er ikkje dei artigaste dagane, men ein må gjere det, seier bonden i Tveitgrend og legg til at neste veke skal 75 til dra.

Inn på bilen: – Det er ikkje dei artigaste dagane, men ein må gjere det, seier sauebonde Olav Brauti i Tveitgrend.

06.43 Det er mange dyr som skal med i dag. Jan Helge hentar dyrehengaren som står parkert på Norsk Scania i Brunkeberg.

06.57 Sola er i ferd med å vekke Bjålandsgrend til ein nydeleg haustdag. Jan Helge set att hengaren nede på gamleveg før han køyrer opp i tunet til Signe Berge.

07.34 81 lam og sauer frå lammeringen til Bjørn Kaasa, Hege Bjåland og Signe Berge er på plass i bilen. Hengaren kan koplast på att, nye data blir registrert og turen fortsett.

Samarbeid: Fleire bønder samarbeider i lammeringar når dei skal sende dyr til slakteriet. Her er Jan Helge innom for å mellom anna hente dyra til Hege Bjåland og Signe Berge.

07.56 Påfyll i kaffikoppen på bensinstasjonen i Høydalsmo.

08.07 I dag var det kaldt, berre 1,5 grad fortel sauebonden på Breiset i Øyfjell, Tor Einar Lid. Han skal levere 19 vaksne og 45 lam i dag. I tillegg trippar 8 sauer frå Øystein Kostveit ut av fjøset, og Jan Helge ledar dei roleg inn på bilen.

Godt samarbeid: På Breiset har sauebonde Tor Einar Lid mange dyr. Han fortel om eit godt samarbeid med sjåføren frå Kviteseid.

09.11 Hengaren blir kopla av i Vinjesvingen, så Jan helge slepp å ta den med opp i tunet til Lene Mostaul. På Tuftine har Lene 100 vinterfôra sau, i dag sender ho 14 dyr med bilen som rullar i retur til E134 der hengaren ventar.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Tuftine: Lene Mostaul har Lene 100 vinterfôra sau, denne dagen sender ho 14 dyr med Jan Helge.

10.10 Hengaren må av att før Jan Helge svingar ned til Svein Olav Lien på Rismyr i Grungedal. Han skal sende, det han sjølv omtalar som – ei uskikkeleg geit og ei geit som ikkje er kvalifisert til avl. Geitene deler lugar med sauene.

Slår følgje med sauene: Svein Olav Lien i Grungedal sender to geiter med bilen til Sandeid.

10.37 Jan Helge må fylle på litt i kjøleskåpet, og svingar innom Haukelitunet for å handle.

11.10 Vogntoget med dagens 207 firbeinte passasjerar passerer Haukeliseter fjellstue. – Det lengste eg har stått i kolonne på desse 40 åra er 18 timar, fortel sjåføren.

11.16 Ei rekkje av bilar møter oss rett før Vågslidtunellen. Flaks i dag, me kan køyre rett i kolonnen som i dag går over Dyreskar i føremiddagssola sidan det går føre seg arbeid inne i tunnelen.

I kolonne: Det er flott å køyre over Dyreskar.

12.29 Skrivaren varslar at køyretida er ute. Jan Helge må ta 30 minuttar pause, og det passar med ein matbit. Han er ute for å sjå til dyra også. Det er ein time att å køyre, Jan Helge ringer slakteriet og varslar at han kjem og melder kor mange dyr han har med.

Må ta pause: Skiva varslar at sjåføren må ta pause, så då blir det ei brødskive i staden.

13.54 På høgre side ligg Fatland sitt slakteri. – Konkurrenten, kommenterer Jan Helge.

14.05 Vogntoget rullar inn i Sandeid i Vindafjord kommune, og svingar inn til Nortura sitt slakteri. Jan Helge gjer dei siste registreringane på dataen, fyller ut skjema og ventar på klarsignal for levering.

Framme: Ved Nortura Sandeid.

14.16 Det er ledig i ullmottaket. Jan Helge svingar lett rundt det om lag 19 meter lange vogntoget og ryggar med presisjon på plass der dyrevelferdsansvarleg på slakteriet i Sandeid, Jakob Markhus, helsar telemarkingane velkomne. – Du har 207 med deg i dag, ja to av dei er geiter, spør Markhus til stadfesting frå sjåføren.

Artikkelen held fram under annonsen.

På ullmottaket: Dyra frå Vest-Telemark blir plassert i båsar inne på mottaket til slakteriet.
Viser veg: Dyra går roleg ut av bilen etter at Jan Helge lukkar opp grindene.

14.39 Rom for rom med firbeinte er leda inn på mottaket. Bilen er tom, og Jan Helge kan starte vaskejobben med både 1. og dei justerbare 2. etasjane inne i bil og hengar skinande reine til neste oppdrag.

16.29 Vaskejobben i hengar og bil er gjort. Det er klart for heimvegen.

16.39 Det pip i pushvarsel frå VTB: «Nå blir det tunnel mellom Seljestad og Røldal». Ei gledeleg melding å få for sjåføren.

17.04 Ein matbit hadde smaka. Den blide kokka på Kyrping kro helsar kjent hei til Jan Helge og kjem med ein «trailer-porsjon» karbonadar, poteter og ertestuing.

17.35 Gråvêret klarnar opp, og fundering om komande og ynskjelege vegtraséar mellom aust-vest er framleis tema.

Tunneltur: Jan Helge håpar det kjem fleire nye tunnelar over Haukeli.

18.56 Ny pause for å vente på kolonne på Haukelifjell. Vidare rullar bil og hengar i blikstille vêr og solskin over Dyreskar.

Ventetid: Kolonne over Haukelifjell.

20.46 Setje av hengaren i Brunkeberg, klar for nye oppdrag.

21.00 Mørkret trekker på, og dagens arbeidsdag er over. Etter 519 kilometer er det godt å ta kvelden, køyretida er ute.

Artikkelen held fram under annonsen.

På vent: Nå er det høgsesong for frakt av sau til slakteriet.