Må følgje med: Fuglar er kjenslevare overfor miljøforandringar, reagerer raskt på endringar og er nokså lette å oppdage. Det gjer at dei er gode indikatorar på korleis det står til i naturen. Kjell Bitustøyl meiner det er viktig å følgje med på utviklinga.

Dei siste åra har Kjell sett ei endring. – Fleire fugleartar har forsvunne

Kjell Bitustøyl vil rope eit varsku. Han meiner det er viktig å følgje med på kva som skjer med fjellfuglane.

Skal ein sjå og oppleve fuglelivet bør ein stå opp tidleg. Bitustøyl har vore ute sidan klokka seks. Det er på morgonkvisten fuglane er mest aktive, og lettast å oppdage. Kikkerten er med. Han har plassert seg med god utsikt over Podden, eit våtmarksområde i Rauland der det er eit rikt fugleliv.

Podden: Ved dette våtmarksområdet i Rauland er det observert 68 ulike fugleartar. Dette er eit viktig hekkeområde og eit område for fuglar på trekk, som Bitustøyl håpar vil få ein form for å vern.

– Sjå der er det ei toppand, seier Bitustøyl.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nå var me heldige.

Fuglane som forsvinn

Han har alltid vore naturinteressert, og begynte tidleg å registrere fuglane han observerte på fjellet. I notatbøker har han skrive opp namnet på artane han ser og høyrer. Den eldste er frå han var femten år. Nokre artar er vanlege, andre sjeldne. Bitustøyl har skrive opp alle.

Med kikkert og teleskop: Kjell Bitustøyl er oppvaksen i Rauland, men bur nå i Bø. Han er ofte på tur i området.

Dei siste åra har han sett ei endring.

Nokre fugleartar er sjeldnare å sjå. Blant anna lappspurv. Den såg han ofte før, på heiane oppe ved Falkeriset og ved Møsvasstangen. Nå ser han den ikkje lenger.

Lappspurv: Det har blitt færre lappspurv i Sør-Noreg. Den hardføre spurven trivst best i fjellet.

Bitustøyl fortel om brushanen, som han ser mindre til.

Brushane: Denne raudlista fjellfuglen er klassifisert som trua.

Og berganda — ei svart og kvit and som Vinje har eit særskilt ansvar for, ein ansvarsart.

Den er det nokre igjen av på Hardangervidda, men på Møsvasstangen ser han den ikkje lenger.

Bergand: Denne anda likar seg i grunne og næringsrike fjellvatn.

Småspoven, som trivst best i myrområde på fjellet, er også ein art i tilbakegang. Ikkje bere i Vinje, men i store delar av landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Småspove: Denne vadefuglen er ein sommargjest i fjellet. På vinteren oppheld den seg i Vest-Afrika.

Må finne ut kva som skjer

Fugleentusiasten meiner det er viktig å følgje med på kva som skjer, og finne ut kvifor det er nokre fugleartar det blir færre av.

I februar vart lokallaget Indre Telemark Birdlife stifta. Bitustøyl, som er leiar av laget, håpar at dei gjennom organisasjonen kan auke interessa for fuglelivet og bidra til at leveområda for fuglar blir betre tatt vare på.

Det nyoppretta laget kjem til å engasjere seg i arbeid med høyringar og rullering av planverk og ser for seg eit samarbeid med Naturvernforbundet i Vest-Telemark.

På Hardangervidda: Nå ynskjer Birdlife å sjå på fuglelivet på Hardangervidda, på tvers av dei tre fylka Hordaland, Buskerud og Telemark. Her har Kjell Bitustøyl fotografert unge heiloar ved Hårteigen.

Sjølv er Bitustøyl særleg oppteken av fuglelivet på Hardangervidda. Han meiner det er viktig å finne ut av korleis tilstanden er for fuglane både i nasjonalparken, og i randsonene. Og her meiner han Vinje, som nasjonalparkkommune, har eit ansvar.

Arealendringar er den største trusselen

Bård Gunnar Stokke er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), og leiar komiteen for raudlista fuglar i Noreg.

Han fortel at arealendringar er den største trusselen for raudlista artar, og meiner at dyre- og fugleliv ikkje alltid blir tatt godt nok omsyn til i samband med arealplanlegging. Det er gjerne når det er fare for artar som har ein økonomisk gevinst at det blir debatt, slik som med laks, eller villrein.

– Men om det går dårleg med artar som til dømes lappspurv så vekkjer det gjerne ikkje like stor interesse, seier Stokke.

Han meiner det er viktig å behalde det økologiske mangfaldet og påpeikar at artar også har ein eigenverdi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På lik line med oss har dei ein rett til å leve i eit område, seier han.

Forskar på fuglar: – Arealendringar er den klart største trusselen for raudlista artar, seier Bård Stokke som er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Overvaker fuglane

Sidan 2010 har Birdlife, Norsk institutt for naturforsking og miljødirektoratet hatt eit samarbeid for å kartleggje hekkefuglane i Noreg. Frivillige og fagfolk har telt fuglane dei høyrer og ser langs 495 ruter rundt om i landet. På denne måten har ein fått ei viss oversikt over hekkefuglane.

Stokke fortel at bestanden av fuglar har gått mest ned i kulturlandskap. Der har det vore om lag femti prosent reduksjon sidan år 2000.

For fuglar i fjellet er ikkje utviklinga like dramatisk. Ein ser om lag ti prosent nedgang i perioden 2008–2023. Dei siste åra har utviklinga nasjonalt stabilisert seg.

Stokke meiner det er mange faktorar som verkar inn på om bestandar aukar eller minskar, og at desse også varierer mellom artane.

Det kan òg vere lokale bestandsutviklingar ein ikkje fangar opp på den nasjonale overvakinga.

Forskaren meiner derfor det er viktig med stemmer som ser og kan påpeike utvikling lokalt.

– Det er fint at folk bryr seg om fuglar og andre dyr og gjev dei ei stemme, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kven talar naturen si sak?

Bitustøyl speidar utover vatnet, og fortel om Småspoven.

I eit av områda der den utryddingstrua arten hekka tidlegare vart det bygd hytter. Nå ser dei ikkje Småspoven her lenger. Bitustøyl trur ingen vart spurd om det var interessant fugleliv i nærleiken då dei planla hyttene.

– Det er eit døme på at det betyr så lite. Det er ikkje pengar å tene på fuglane, seier han.

Fuglesong: Kvar denne interessa for fuglar kjem ifrå er Kjell Bitustøyl usikker på. Han lurar på om det har med fuglesongen å gjere. Han er også veldig musikkinteressert.

Han meiner Vinje kommune har brukt mykje ressursar på å leggje til rette for utbyggingar, men lite ressursar på å kartleggje og dokumentere kva konsekvensar utbyggingane har å seie for fuglar og dyr.

– Kommunane har ansvar for forvaltning av areal, men det må vera lov å stille spørsmål om kven som tek ansvar for naturverdiane, den urørte naturen, seier han.

Symjesnipe: Denne raudlista snipa trivst godt i vatn og hekkar i fjellområda i Noreg.