Velkomne til kyrkje, ranglefantar!

Soknerådsformann Aanderaa i Flatdal:

– Velkomne til kyrkje, alle uvedkomande og ranglefantar. Eit varmt velkomen også til deg som ikkje likar preika til presten, ta heller kontakt med Gud direkte! Denne noko uvanlege oppfordringa står no å lese på kyrkjedøra i Flatdal. Det er den nyvalde soknerådsformannen i bygda, Dag Aanderaa som har gått til dette drastiske steget i håp om å nå nye grupper. Han vil gjerne trekkje fleire til gudsteneste og freiste få flatdølar flest til å ta aktiv del i kyrkjelyden. – Sjølv er eg ikkje så voldsomt kristen, er vel nærast ein «kyrkjefreak», seier Dag. Men gudstrua mi skal ingen ta frå meg. Den går som ein raud tråd gjennom livet mitt og er god å stø seg til i ulike situasjonar.

Les heile saka