Maja Foss Five, Halfdan Haugan og Jon Rikard Kleven er blant dei som meiner fylka bør få bestemme skuleval-prinsippet. Dei fryktar for den vidaregåande skulen i Vest-Telemark om det blir innført «fritt skuleval».
Maja Foss Five, Halfdan Haugan og Jon Rikard Kleven er blant dei som meiner fylka bør få bestemme skuleval-prinsippet. Dei fryktar for den vidaregåande skulen i Vest-Telemark om det blir innført «fritt skuleval».

Fryktar for distriktsskulane

Maja Foss Five (Ap) har nettopp jubla for at elevane skal gå på den næraste skulen også etter at Telemark og Vestfold blir eitt fylke. No er ho provosert over at regjeringa vil lovfeste «fritt skuleval».

Five er leiar i hovudutvalet for kompetanse i Telemark fylkeskommune, og har sete i fellesnemnda for det nye fylket som har bestemt at nærskuleprinsippet skal gjelde i heile det nye fylket. Det vil seie at ein søkjer seg til næraste vidaregåande skule som har det ynskte tilbodet. No vil regjeringa skrote nærskuleprinsippet og la alle elevar, uansett kva fylke dei bur i, få velje kva skule dei vil gå på.

– Det grunnleggande er at det ikkje er politikarane som skal velje, eller foreldras bustadadresse som skal avgjere, kva skule 16-åringane skal gå på. Det skal elevane sjølve ha rett til å velje sjølv, uttala kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) til VG då høyringsforslaget blei kjent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lokalt sjølvstyre blir radert

Five, regionsrådsordførar Jon Rikard Kleven (Sp) og Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap) er provosert over at dei i Oslo-gryta skal bestemme kva er som er best i alle landets fylke.

– Det lokale sjølvstyret blir radert. I dag er det innbyggjarane som gjennom fylkestingsval kan bestemme, regjeringa vil setje dette sjakk matt. Dei vil prakke på oss noko som ikkje fungerer betre, seier Five.

Kleven kallar det er absurd at regjeringa som ynskjer større regionar med fleire oppgåver, skal diktere dei oppgåvene som er lagt til dei i dag.

– Kor gode skular blir det med karakterbasert opptak? I Oslo har det blitt A- og B-skular. Dei dårlege skulane har gjennomføringsgrad på 50 prosent, og gode lærarar søkjer seg bort frå dei dårlege skulane, seier han.

– Vest-Telemark vidaregåande skule er landets 5. beste skule, og har ein gjennomføringsgrad på 90 prosent. Elevar på ulike nivå blir sett saman og dreg kvarandre opp. Det blir alle elevane betre av, meiner Kleven.

Five let seg også provosere av omgrepet «fritt skuleval».

– Det er Høgre-retorikk. Dette er karakterbasert inntak, seier Five.

Dei tre trekkjer fram at nærskuleprinsippet fungerer, og at det er viktig at skulane slepp å konkurrere seg imellom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir elles peikt på at ein skule som Vest-Telemark vidaregåande er sårbar for svingingar. Om det er for få elevar til ei line, blir denne lagt ned. Det kan igjen føre til at dei som vil gå på heimskulen, må velje ei anna line enn det ein hadde tenkt.

Liten tillit

Høgre fryktar ikkje at fritt skuleval vil bety distriktsdød.

– Det vitnar om liten tillit til at me har gode skular i distrikta, uttala Gunn Marit Helgesen, Høgres fylkesordførarkandidat for Telemark og Vestfold til NRK.

Ho la til at dei vidaregåande skulane i distrikta er såpass attraktive at det framleis vil vera mange som ynskjer å gå på desse skulane. Ho understreka til NRK at ho også er opptatt av å ta vare på skulane i distrikta, i tillegg til at ho ynskjer at elevane skal velje sjølve.

– Har de ikkje tillit til at det er gode skular i distrikta?

– Det veit me det er. VTVG er den femte beste i landet. Den er knallbra, men skulen sårbar for svingingar. Ei line ryk fort, seier Kleven.

– Det gjev igjen ringverknader for næringslivet som er heilt avhengige av lærlingar, legg han til.

Høyringsfristen er 25. november. Den nye lova er venta å tre i kraft til skulestart i 2021, ein månad før stortingsvalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

oystein.oygarden@vtb.no