Pustar letta ut og feira med kake etter klaga fekk gjennomslag. – Dette betyr veldig mykje for oss
I april vart det klart at Vest-Telemark vgs. likevel kan tilby kurs i klasse S, altså snøskuter. Det vart feira med kake.
Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen har i mange år vore kursarrangør for dei som vil ta førarkort for snøskuter. Men i haust fekk dei avslag på søknaden.
I april fekk dei beskjed om at Vegdirektoratet hadde snudd i saka.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me visste ikkje korleis dette kom til å gå, og er letta nå. Me har kjempa ein kamp som me måtte for å få til dette, seier rektor ved Vest-Telemark vgs. Siv Reidun Eide.
– Dette betyr veldig mykje for oss – at me kan gje dette tilbodet, og ikkje minst til våre eigne elevar.
Torsdag i førre veke var ho på plass i fellesområdet på skulen og delte ut kake til elevane. Tokke kommune spanderte, og både nåverande ordførar Jarand Felland og tidlegare ordførar Olav Urbø, heldt taler for elevane.
Måtte til Valle
Dette skuleåret har det ikkje vore gjennomført snøskuterkurs ved skulen, men vanlegvis er det i snitt 12-20 interne elevar som gjennomfører skuteropplæring i regi av skulen.
Amalie Beisland Sandok, Ingrid Skeimo og Malin Åmlid går alle i 1. klasse, og fortel at dei har reist til Rysstad i Valle kommune for å ta kurset.
– Me hadde tatt det på her på Dalen om me kunne det. Det er veldig bra at det blir kurs her igjen, seier dei.
Dei tre jentene fortel at dei køyrer skuter når dei skal på hytta, og andre gonger når det er fint vêr og dei vil ut å køyre saman med vener.