Vest-Telemark og nynorsk, lær av Sogn

Eg las leiaren i bladet 16. juni, og forstår at bladet får mykje underleg post inn i redaksjonen. Det er underleg at e-post-skribenten etter så mange år ikkje har fått med seg at ein av grunnane til at Vest-Telemark blad blei starta var nettopp mangelen på aviser på nynorsk. Varden og TA er ikkje dei verste avisene i så måte. Men Vest-Telemark blad er ei nynorskavis og slik blir det i framtida også, heldigvis. Kor e-post-forfattaren har det frå at det berre er 10 prosent av folk over 60 år som framleis brukar nynorsk, ja det må ein under seg over. Det virkar som ein heimegjord statistikk. Dei avisene som har hatt størst framgang i det siste er nynorskavisa Dag og Tid og Klassekampen som har fått pris for god og omfattande bruk av nynorsk. Den boka som har lege på salstoppen dei siste vekene heiter «Mi fabelaktige venninne».Det er ei italiensk bok omsett til nynorsk, og salet så langt tyder på at det er nok langt fleire enn 10% av dei over 60 som les nynorsk.

Eg ser at Storegut-prisen for i år er tildelt Lerum AS i Sogndal. Det er ein verdig vinnar. Denne syltetøyog saftfabrikken brukar konsekvent nynorsk på sine produkt og i marknadsføring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir fortalt at då dei byrja å annonsere på nynorsk, så gjekk salet opp med 10% i Oslo. Inga tvil – syltetøy smakar best utan sukker. Telemark og Vest-Telemark har mykje å lære i Sogn. Det er ikkje berre saft og syltetøy som blir produsert og selt på nynorsk her.

Det gamle ærverdige og flotte, historiske hotellet i Balestrand, Kviknes Hotell, brukar også konsekvent nynorsk. Raudvin og kvitvin står det på menyen her, for det er det det er. Seiste boka eg las var krim frå Sogn, «Satans mor». Spennande og aktuell bok på nynorsk med politisk lokalstrid, bombesprenging og Sogndals store son Gjest Bårdsen i den historiske bakgrunnen.

Kanskje næringslivsfolk i Telemark burde ta seg ein studietur til Sogn, ja de kan ta med reiselivsfolkfolk, forfattarar, epost-skribentar og byfolk også, om det er plass i bussen.

Åsulv Edland