David Berger ved vinmonopolutsalet i Seljord er klar til å rådgje kundar og til å ta imot betaling frå dei som veit så altfor godt kva dei skal ha.
David Berger ved vinmonopolutsalet i Seljord er klar til å rådgje kundar og til å ta imot betaling frå dei som veit så altfor godt kva dei skal ha.

På jakt etter edle dropar

Somme skal ha ei gåve til sjefen, andre ein dram å by på om det skulle koma folk, medan enkelte må erstatte joleølet som blei skjemt.

Då Vest-Telemark blad før jol tok ein tur på dei to vinmonopolutsala i vestfylket var det ikkje for å vidareformidle drikketips til jolematen, heller ikkje for å tilrå sprudlande dropar på nyårseftan. Snarare var det ein tanke om ein ørliten sosiologisk studie basert på ein halvtimes observasjon. Så du som lesar treng ikkje sjå fram til noka vitskapleg avhandling.

Me set oss på benken utanfor vinmonopolutsalet på Telesenteret i Seljord. Gitteret er nede, og det er enno ti minuttar til perleporten opnar seg. Bakom skimtar me ein blåkledd kar som er klar til å møte dei fyrste kundane. Ein mann kjem inn dørene på senteret, glytter mot gitteret, men hastar vidare. På benken sit det ingen og ventar. Heller ingen sviv rastlause rundt i gangen, slik me hadde sett føre oss. For realitetane er då, ved jole- og nyårsbel som elles i året, at på Vinmonopolet står den største vinsnobben i kø saman med drankaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sødmefylde eller ei

Bakom gitteret byrjar det å skrangle i flasker, David Berger fyller på med edle dropar frå ei gul kasse. Deretter går han fram og trykkjer på knappen. Gitteret går opp og vips så er fyrstemann inne. Det strøymer på av unge og eldre, menn og kvinner. Somme går resolutt til hylla der varene dei skal ha står, anten det er blankt eller brunt. Andre tek seg god tid og myser rundt – ventar på at Berger blir ledig.

Kanskje skal dei vurdere sødmefylde og eleganse i akevitten, eller kompleksitet, harmoni og karakter på vinen. Eller om dei skal ha sjampanje; då er graden av friskheit viktig, om finishen er tørr eller ikkje og korleis munnkjensla er. Har me høyrt.

Dårleg kveik frå Voss

Slikt jåleri bryr me oss ikkje om, for der kjem ein ølbryggjar frå Morgedal berande på fulle polposar. Så Morgedal susle- og ølbryggjarlag må også vitje den statlege institusjonen?

Åse Slåtta (t.v.) skal ha ein vin som ikkje skal vera for utprega, men likevel litt spesiell. Ellen Gardsteig ved Vinmonopolet i Åmot gjev råd.
Åse Slåtta (t.v.) skal ha ein vin som ikkje skal vera for utprega, men likevel litt spesiell. Ellen Gardsteig ved Vinmonopolet i Åmot gjev råd.
«Vinmonopolet skal bidra til å avgrense alkoholkonsumet og derigjennom skadeverknadane av alkohol gjennom omsetning i kontrollerte former.» Biletet syner ein jolepynta inngang til Vinmonopolet i Vinje, som ligg i Fristadsenteret.
«Vinmonopolet skal bidra til å avgrense alkoholkonsumet og derigjennom skadeverknadane av alkohol gjennom omsetning i kontrollerte former.» Biletet syner ein jolepynta inngang til Vinmonopolet i Vinje, som ligg i Fristadsenteret.
Morgedal susle- og ølbryggjarlag var uheldige med brygginga av ein del av joleølet i år. Dermed blei det litt mindre å gje bort, og Halvor Bjåland måtte difor supplere med polvarer.
Morgedal susle- og ølbryggjarlag var uheldige med brygginga av ein del av joleølet i år. Dermed blei det litt mindre å gje bort, og Halvor Bjåland måtte difor supplere med polvarer.

– Ja, i år var me så uheldige med brygginga at me måtte slå ut halvparten av ølet, ler Halvor Bjåland som saman med Terje Haugen utgjer susle- og ølbryggjarlaget som fylgjer Magnus Lagabøte si lov frå 1274, som påbaud alle nordmenn å bryggje øl til jol. Men i år hadde morgedølane fått noko dårleg kveik frå Voss, altså villgjær. Det førte til at dei måtte slå ut heile 120 liter øl, kring halvparten av det dei hadde bryggja.

– Dermed blei det noko mindre å gjeva bort i år, difor måtte eg hit og kaupe jolegåver, humrar morgedølen.

Me spør den vinmonopoltilsette om trendar i kjøp av polvarer.

– Folk er ganske tradisjonelle i valet. Det går mykje i raudvin, akevitt og konjakk. Eg prøvar å få folk til å kjøpe kvitvin, som passar godt til mykje av jolematen, men dei føretrekkjer raudvin, seier Berger.

Samfunnsoppdraget

Det norske vinmonopolet, som blei oppretta i 1922, har eit samfunnsoppdrag. Der heiter det at «Vinmonopolet skal bidra til å avgrense alkoholkonsumet og derigjennom skadeverknadane av alkohol gjennom omsetning i kontrollerte former».

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinmonopolutsalet i Vinje opnar dørene denne førjolsdagen både for dei som går rett på vodkaen og akevitten og for dei som undersøkjer raudvinshyllene. Ei av dei siste er Åse Slåtta. Ho er ute etter ein vin som skal vera jolegåve til sjefen.

– Den skal ikkje vera for utprega, men noko ein mann i sin beste alder kan like. Vinen skal likevel vera litt spesiell, noko me trur han kan koma til å kose seg med, er bestillinga frå Slåtta til vinmonopoltilsette Ellen Gardsteig.

Her kjem Gardsteig inn med den produktfaglege kompetansen sin, ei rådgjeving som i fylgje retningslinene for dei tilsette skal baserast på objektive kvalitetskriterium. Slike råd blir gjevne, Slåtta er nøgd, og så får me tru sjefen hennar blei nøgd også.

Ingen nye pol

Gråposane si tid er forbi. Mange kommunar vil ha polutsal, og i Vest-Telemark var det i byrjinga på tusenåret sterk kiving mellom kommunane om å få etablere vinmonopol. Fyrst ut blei Vinje, som fekk sitt i 2002. I Seljord kom utsalet i 2006. Deretter har det vore stille. Men både Kviteseid, Nissedal og Tokke hadde inne søknad i år. Då styret i Vinmonopolet hadde møte i november, blei dei tri søknadane avslegne.

Og nei, Vinmonopolet er ikkje ope i dag, nyårseftan. Dermed må alle tyrste, frå den sjampisdrikkande festdeltakaren til den skjelvande drukkenbolten, vente til måndag for å få dei statlege varene.