Northug støttar TV-aksjonen med vinnarski

(NPK-NTB): Det skiparet Petter Northug vann tremila på i verdscupen i Davos og som han har brukt fram til no, gir han bort til TV-aksjonen.

Skia skal auksjonerast bort saman med landslagsutstyr i form av drakter og jakker signert av dei aller beste og fleste løparane med Marit Bjørgen og Therese Johaug i spissen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skia Northug gir bort, er spesielle og har ei lang historie i verdscupen. Det er ikkje kvar dag langrennskongen gir bort ski på denne måten, så folka bak TV-aksjonen har store forventningar til at skia skal kaste skikkeleg av seg.

Også alpinistane med Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud i spissen bidrar med signert landslagsjakke.

TV-aksjonen i år er til inntekt for Nasjonalforeningen for folkehelsens arbeid med demens.