(Illustrasjons
(Illustrasjons

Gjev unntak frå bandtvang

Plan- og miljøutvalet gjekk inn for at Telemark fuglehundklubb skulle få dispensasjon frå den utvida bandtvangen som er innført i Vinje kommune frå 1. februar.

Dispensasjonen gjeld for helgane 9.–11. og 23. – 25. mars, då dei skal arrangere jaktprøver for ståande fuglehundar i området rundt Bossbøen og Silkedalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mest truleg vil eit løyve til desse to arrangementa ikkje vere til skade for hjorteviltet, men det bør settast krav om at dersom det blir observert hjortevilt i området skal hundane koplast til band, står det i saksutgreiinga.

Aktivitet under god kontroll

– Vinterprøve for ståande fuglehundar vert halden i bjørkeskogbeltet og høgare opp i terrenget. Det er prøver der hundane er under «kontroll» av eigar og dommar. Dommar skal vurdere arbeidet som hundane gjer og er difor avhengig av å sjå hundane til ein kvar tid. Altså ein aktivitet under god kontroll, skriv sakshandsamar.

Bandtvangen vart innførd dette året på grunn av mykje laus snø i heile kommunen. Spesielt hjortevilt har store problem med å komme seg fram og brukar mykje energi på å skaffe seg mat, skriv sakshandsamar i tilrådinga si.

Agder fuglehundklubb fekk også dispensasjon til si vinterprøve som skal haldast på Bykleheia frå 2.–4. mars. Båe søknadene vart tilrådd dispensasjon av rådmannen, og vart samrøystes vedteke av planog miljøutvalet.