Ragnvald Christenson er leiar i Pilegrimvegen til Røldal. Han ynskjer å utvikle konseptet til å bli noko større. Til det trengst det midlar, og han følte at Vest-Telemarkrådet opna ei dør for prosjektet.
Ragnvald Christenson er leiar i Pilegrimvegen til Røldal. Han ynskjer å utvikle konseptet til å bli noko større. Til det trengst det midlar, og han følte at Vest-Telemarkrådet opna ei dør for prosjektet.

Eitt steg nærare utviklingsmidlar

Leiar i Pilegrimsvegen til Røldal, Ragnvald Christenson, føler at ei vidareutvikling av vegen er eitt steg nærare etter møtet i Vest-Telemarkrådet tysdag. Han følte at ei dør blei opna.

– Eg ynskjer inderleg at Pilegrimsvegen frå Seljord til Røldal skal bli noko meir enn han er i dag. Ei vidareutvikling slik at vegen kan nyttast til andre tider enn den årlege vandringa står høgt på ynskjelista mi, seier Christenson.

Han møtte i Vest-Telemarkrådet tysdag for å snakke om planane og ynsket. Christenson følte at rådet reagerte positivt på planane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Døropnar

– Me manglar midlar, og Vest-Telemarkrådet baud meg på møte der me saman kan finne midlar som kan søkjast på. Det er eit godt utgangspunkt, og eg føler rådet kan vere ein døropnar for oss, fortel han.

Det er ikkje berre sjølve Pilegrimvegen som vil få nytte av større trafikk. Også bygdene frå Seljord til Røldal vil merke at det blir lagt att pengar, i fylgje den entusiastiske leiaren.

– I dag legg deltakarane i Pilegrimmarsjen att 100.000 kroner i løpet av dei ni dagane turen varer. Kan me legge til rette slik at både grupper og bedrifter kan få tilgang til ein organisert tur, trur eg det kan vere snakk om å mangedoble dagens beløp, meiner Christenson.

Ynskjer prosjektleiar

Midlane han ynskjer er for å ha eit menneske som kan stå for organisering og marknadsføring av Pilegrimsvegen.

– Me har ein person klar til å ta seg av prosjektet, men manglar midlar. No håper og trur eg at dette kan ordne seg. Ei samkøyring med dei andre bygdene er viktig ikkje minst med tanke på at Røldal no syslar med planar om å opprette eit Pilegrimssenter. Det betyr i så fall at Røldal blir knutepunktet for pilegrimsvandringar i alle retningar, forklarer Christenson.

– Me kan sjå nærare på samarbeid

Karin Kvålseth er rådgjevar og prosjektleiar i Vest-Telemark Næringsutvikling AS. Ho arbeider i desse dagar med eit prosjekt som heiter Vandrarregionen. Det går ut på å formidle og legge til rette for naturopplevingar. Kart, skilt og miniguidar er viktige måtar å marknadsføre alle dagens turvegar på.

– Me har bede kvar kommune om å velje ein tursti dei ynskjer å prioritere. Då snakkar eg om kommunane i Vest-Telemark, Tinn og Hjartdal, seier Kvålseth.

Ho er positiv til Pilegrimsvegen til Røldal, og ser ikkje bort frå at Vandrarregionen kan bidra til å marknadsføre vegen i større grad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er ikkje slik at me har midlar til rådvelde for å satse på berre eit prosjekt. Me vil skape eit konsept som kommunane sjølve må fylgje opp. Ei interkommunal satsing med temaoppleving ligg til grunn. Det skal til slutt vere kommunane sine eigne produkt, men me kan altså bidra med kompetanse, marknadsføring og produktutvikling, oppsummerar Kvålseth.