30 år sidan

Eindiger dag (som Geirr Lystrup syng) for Anne Solstad på Granlien i Kviteseid i går. Då ein ny, flott PC ei personleg datamaskin sto ferdig oppsett på hybelen hennar, var ho ikkje langt i frå å taste inn éin stor takk til Rikstrygdeverket på tekstbehandlingsprogrammet. – Treogførtituseneitthundreogtoognittikroner kostar maskina, seier Anne som saman med lærar Ruth Klaveness straks gjekk i gang med å sjå om maskina fungera som h o skulle. På Granlien heim for psykisk utviklingshemma er Anne ein pionér. Ho er den fyrste til å ta i bruk data. Det er sjølvsagt som ein lekk i undervisninga, men EDB'en skal også tene Anne i det reint praktiske og ikkje minst styrke sjølvkjensla og sjølvtilliten. Både tekstbehandling, rekneprogram og fag som geografi fylgde med programpakka som Anne på Granlien no er i full gang med. Då meldinga kom om at Rikstrygdeverket innvilga søknaden, blei Anne så glad at ho i ventetida måtte låne ei maskin slik at ho kunne ta til med treninga. Ho er 54 år og ingen fyrsteklassing lengre, men det er ingen skort på lærehug og pågangsmot.

– Det er minst like utviklande for meg, dette. Eg har mi fulle hyre med å fylgje Anne, seier lærar Ruth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Atle Skårdal, no må du passe deg den neste alpingenerasjonen er i farta, og om nokre år kjem du til å kjenne pusten deira i nakken! Og adressa til nykomarane kjem nok til å vera 3864 Rauland. Så mykje er klart etter rennet som Dyre Vaa arrangerte ved Rauland Alpinsenter i helga, eit kjemperenn i både storleik og prestasjonar. Det er ingen løyndom at Dyre Vaa-løparane er gode, og at ei rekkje av dei kan gå til topps når det måtte vera. I klasse 11-12 år tok Jorunn Loftsgarden gull laurdag og sylv sundag sterkt! Tonje Vaa tok tredjeplassen i denne klassa laurdag. I same klassa for gutar var det Øyvind Vaagen som køyrde for gull, og han var suveren sundag då han danka ut 41(!) sterke løparar. Klubbkamerat Kai Morten Brårmo, som og er god for gull, fylgte med opp denne gongen med ein god tredjeplass. Nemnast og bør Jon Dyre Vaa på 2. plass sundag i klasse 7-8 år og Marte Solbakkens 3. plass i 9-10 års klassa, også desse to høyrer sjølvsagt heime i Dyre Vaa-stallen. Og i klassa gutar 9-10 år tok arrangørklubben fire av dei fyrste åtte plassane.