Fylkeslege Sigmund Skei.

Ynskjer tryggare bruk av sovetablettar, roande middel og sterke smertestillande. – Me veit at mange pasientar ikkje er klar over kor skadelege desse medisinane kan vere på sikt

Mange brukar vanedannande medisinar – nå blir innsatsen skjerpa i Vestfold og Telemark. Over 150 fastlegar har deltatt på kurs om trygg bruk.

Bruk av vanedannande medisinar som sovetablettar, roande middel og sterke smertestillande er framleis høg i Vestfold og Telemark, melder Statsforvaltaren i ei pressemelding. No skjerpast innsatsen for å sikre tryggare bruk – både for pasientane si skuld og for folkehelsa.

Statsforvaltaren skriv at dersom du brukar slike medisinar, kan det hende legen din tek ein ny prat med deg neste gong du skal fornye resepten. Det blir no lagt større vekt på tryggare alternativ og gradvis nedtrapping – i tråd med nasjonale tilrådingar.

– Mange pasientar vil få det betre på sikt utan desse medisinane, sjølv om det kan vere krevjande å slutte, seier fylkeslege og direktør i helse- og omsorgsavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Sigmund Skei.

Tilsyn og kurs for legar

Statsforvaltaren har sett i gang tilsyn i Larvik, Bamble og Skien for å sjå nærare på korleis kommunane jobbar med dette. Fleire tiltak er alt i gang, og fleire kommunar – som Færder og Porsgrunn – har sjølv tatt initiativ til å arbeide med temaet. Statsforvaltaren planlegg tilsyn med fleire kommunar i Vestfold og Telemark i løpet av 2025 og 2026.

Over 150 fastlegar har deltatt på kurs om trygg bruk av vanedannande medisinar, og eit nytt kurs er planlagt til hausten. Der blir det òg fokus på korleis medisinbruk kan påverke førarkortet.

Kvifor er dette viktig?

Statsforvaltaren skriv at vanedannande medisinar kan gje alvorlege biverknader, særleg hos eldre. Dei kan føre til fall, dårlegare minne og at ein blir avhengig av legemidla. Mange opplever òg at medisinane mister effekt over tid, og at det blir vanskeleg å slutte.

– Me veit at mange pasientar ikkje er klar over kor skadelege desse medisinane kan vere på sikt. Difor er det viktig at både pasientar og helsepersonell har god kunnskap, seier fylkeslegen.

Samarbeid med sjukehusa

Statsforvaltaren samarbeider òg med Sjukehuset Telemark og Sjukehuset i Vestfold. Målet er at pasientar som får slike medisinar når dei blir behandla på sjukehus, skal få rett oppfølging, med plan for nedtrapping og informasjon om risikoen for å bli avhengig.

Statsforvaltaren legg til at ein finn meir informasjon om vanedannande medisinar og korleis ein kan få hjelp til å trappe ned på helsenorge.no.

Powered by Labrador CMS