Tv-aksjonen 2022: Dei seks kommunane i Vest-Telemark gav til saman 1,1 millionar kroner til Leger utan grenser.

Vinbyggjane gav mest i snitt

I Vinje kommune gav kvar innbyggjar i snitt 120,41 kroner kvar til TV-aksjonen sundag. Dei seks kommunane i Vest-Telemark gav til saman 1,1 millionar kroner til Leger utan grenser.

Kommuneoversikta for Vestfold og Telemark viste måndag at Vinje er den kommunen i fylket der innbyggjarane var rausast med kva dei la i bøssa eller vipsa til årets TV-aksjon. Skulane og barnehagane i kommunen dreg opp snittet (48 av 120,41 kroner).

Pengane som kom inn på årets aksjon går til Leger utan grenser og DNDis (Drugs for neglected diseases initiative) arbeid for å gje livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som treng det mest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt blei det samla inn 452 105 kroner i Vinje kommune. Om ein ser på innbyggartalet gav folk i snitt 120,41 kroner, i Seljord kom det inn 181 871 (62,95 per innbyggjar), Tokke 140 788 (65,79 per innbyggjar), Kviteseid 140 680 (57,37 per innbyggjar), Nissedal 111 031 (78,51 per innbyggjar) og Fyresdal 83 145 (69,4 per innbyggjar).

I Vestfold og Telemark fylke blei det samla inn nesten 20 millionar kroner totalt, noko som i snitt blir 46,47 kroner per innbyggjar og ein 9.-plass av dei 11 fylka i landet.

Måndag føremiddag var det registrert at over 266 millionar kroner var samla inn til årets aksjon i heile Noreg.

Kommuneoversikt bygd på innbyggjartal i Vestfold og Telemark fylke. (Skjermdump frå )