Stor gruppe posar på tribune med fotballbane framfor klubbhuset.

Vil skape samhald på tvers av laga. Inviterte til mini-VM

Det vart fantastisk kveld fylt med idrettsglede, samhald og glede då samarbeidslaga i Vinje IL inviterte til sumaravslutning for fotballspelarane sine.

Publisert

J13, J15, G14 og G16 stod saman om å arrangere eit spanande mini-VM på tvers av aldersgruppene. Heile 45 spelarar deltok, og vart fordelte på seks ulike landslag. Her fekk ungdommane høve til å bli betre kjende på tvers av lag og alder – noko som skapte både ekstra lagkjensle, latter og engasjement, opplyser idrettslaget.

Alle laga spelte fire kampar kvar, og det var jamne og underhaldande oppgjer gjennom heile kvelden. Innsatsen var stor, men det viktigaste var å ha det moro saman – noko deltakarane sette veldig pris på.

Til slutt var det Frankrike som kunne juble høgast etter å ha trekt det lengste strået i ein spanande finale.

To fotballag står på rekke på ein grasbane ved solnedgang.
Frankrike til venstre, England med gule vestar til høgre og dommarteamet i midten.

– Dette var ein flott måte å avslutte vårsesongen på. Me ønskjer å byggje samhald på tvers av laga og skape gode opplevingar saman, fortel Rune Sudbø Tveito i Vinje IL.

Arrangementet synte tydeleg at fotballen i Vinje IL handlar om meir enn resultat – her står fellesskap, inkludering og idrettsglede i sentrum.


Powered by Labrador CMS