Cupsprint i skiskyting

Vebjørn gjekk sitt fyrste skiskyttarrenn
- Det gjekk bra, eg fekk fullt hus på begge, smiler Vebjørn Øygarden Ofte, som nettopp har gått i mål etter sitt fyrste skiskyttarrenn.
Vebjørn starta på skiskyting denne sesongen, og fortel at dei fyrst hengde opp nokre gamle ski som dei skaut på. Denne laurdagen er det Tinn Sparebank Sprint Cup i Rauland, og her er Vebjørn på heimebane og får vise kva han har lært i løpet av vinteren. Han gjer unna to rundar i nybegynnarløypa og to skytingar på 11 minutt og 11 sekund, og treffer alle blinkane.
- Er du den neste Ole Einar Bjørndalen, trur du?
- Kven er det?

- Heia mamma, du får av buksa
Heile 76 ungar og ungdomar er påmelde til dagens renn, og Vebjørn er ikkje den einaste som går på heimebane. Tretten deltakarar frå IL Dyre Vaa stiller til start, og i startområdet er Matja Svenning Holtberget i ferd med å gjere seg klar.
- Eg er veldig spent, smiler ho medan ho hoppar på eitt bein.
- Heia mamma, kom igjen, du får av buksa, seier ho og kikkar ned på mora som halar og dreg i buksa Matja har hatt utanpå for å halde varmen.

Dette er ikkje fyrste gongen ho konkurrerer, for ho har gått det store tredagarsrennet Liatoppen to år på rad, og stiller til start att der for tredje gong i starten av april. Men nå er det sprint på heimebane som gjeld. Matja får ein kjapp klem av bestefar, så går ho til startstreken.
Eit kvarter seinare er det gjort. Matja går i mål og tek takksam imot ein saftkopp frå småjentene som står klare til å dele ut.
- Eg trefte fem blinkar til saman, smiler ho fornøgd. Med det sikrar ho seg sjetteplassen blant dei åtte jentene som stiller i J12-klassa.



Sylv til Ella
Ei anna av dei lokale er Ella Tjønn Jacobsen. Ho likar skiskyting fordi det er meir variert enn vanleg langrenn.
- Det er fyrste rennet eg går i år, så eg er litt stressa, ler ho.
- Kva er det verste som kan skje?
- At eg trynar, eller at eg ikkje treffer noko.
Men treffe gjer ho, og det held til andreplass i J13-klassa, som har til saman seks deltakarar. Ella er fornøgd, men veit ikkje om det blir skiskyting ho satsar på vidare.
- Fotball er nummer ein, smiler ho.

Også andre kommunar stiller opp i sprintcupen – elleve unge skiskyttarar har teke turen frå Fyresdal, og ni frå Seljord. I tillegg er det deltakarar frå Tinn, Heddal, Bø, Grenland og Våle.
Og når siste saftkopp er dela ut og sprintrennet er over har alle klubbane fått nokon av sine deltakarar på pallen.

