Celina Lauvstad og Tuva Espedalen i skuledebatt.

Unge i distrikts-Telemark: – Folket veit best

Mange unge under 30 år meiner sentrale styresmakter tar for lite omsyn til distrikta. Unge vesttelar, som VTB har snakka med, er opptatt av veg og bensinprisar og synest det er bra med nedskriving av studielån.

Publisert Sist oppdatert

– Eg er veldig glad i å engasjere meg.

Celina Lauvstad (18) frå Seljord går på Bø vidaregåande skule. Førre veke leia ho skuledebatt i Gullbring kulturanlegg saman med Tuva Espedalen (18).

– Eg veit ikkje om eg gler meg. Jau då, det er jo dei (politikarane red.merk.) som skal prate, sa Tuva, før salen blei fylt med skuleelevar.

Alle vidaregåande skular i Telemark arrangerer skuledebattar før valet. Dei ni største partia i landet er representerte. Andre parti, med ungdomsparti, kan vere til stades på valtorg etter debatt.

Skuleval i distriktet

Alle dei vidaregåande skulane i fylket har skuledebattar med ungdomspolitikarar før Stortingsvalet. I Bø snakka dei blant anna om fråværsreglar, flytting av eksamenstid og utanforskap.

– Det er moro å utfordre seg sjølv, sa debattleiar Tuva til VTB.

På Kvitsund vidaregåande skule har det også vore skuledebatt. Me møtte nokre av elevane, og spurte dei kva dei synest om politikaranes distriktspolitikk.

– Me er litt for lite representerte i Oslo, seier Omar Mtiri (17) frå Treungen.

Analysar frå Samarbeidsdesken, basert på data frå Norsk medborgarpanel (UiB), viser at 62 prosent av menn under 30 år meiner sentrale styresmakter tar for lite omsyn til distrikts-Noreg. Heile 74 prosent av kvinnene meiner det same.

– Dei må jobbe meir med busstilbodet, og så må dei fikse hol i vegane, seier Sofie Othilie Ofte (15) frå Høydalsmo. 

Ein gjeng med elevar står og pratar om tronge kommunebudsjett, og ein seier; «då må dei investere meir i næringsliv» og «me har jo mykje pengar i Oljefondet».

Skuleelevane er engasjerte, og har alle stemt i skulevalet.

– KrF gjorde det best her på Kvitsund, det var inga overrasking. Dei fekk 30,6 av stemmene. Høgre fekk 19 prosent og FrP 17,2, fortel Omar.

Sentrale styresmakter tar for lite omsyn til utkant-Noreg
Elevar på Kvitsund, bak frå venstre: Lukas Brekke Moore, Omar Mtiri, Peter F. Stenseth og Simen Johannes Hegglid. Frå venstre framme: Maria Metveit Haugo, Sara Lindgren, Amalie Rannestad, Nora Salome Fosse og Sofie Othilie Ofte.

Einig eller ueinig

VTB har spurt unge vesttelar, på Bø vidaregåande skule og Kvitsund gymnas, kor einige eller ueinige dei er i distrikts-påstandar som handlar om nedskriving av lån, barnehageprisar og kommunesamanslåing.

Det er ein god idé å slette noko av studiegjelda for dei som flyttar til distriktskommunar.

– Heilt einig, svarar Merete Myrvang (18) frå Seljord og Maren M. Heggtveit frå Kviteseid.

– Litt einig, svarar debattleiarane Celina og Tuva.

Når me spør om det er lurt at folk som bur i distriktet får billigare barnehage, er dei ikkje heilt klare for slike «vaksen-spørsmål.»

– Litt einig, svarar Celina. 

– Einig, svarar Tuva.

Omar er derimot «heilt einig».

– Eg synest det er veldig godt med tiltak som kan gjere det billigare å ha barn, spesielt der fødselsratane er litt låge, seier han.

Det trengst fleire kommunesamanslåingar her i landet.

– Eg trur det er mange økonomiske fordelar, men eg synest det ikkje bure vere eit tvangsvedtak. Eg tenker at det er viktig med lokaldemokrati, og at folket veit best, seier Peter F. Stenseth frå Dalen.

Nora Salome Fosse (15) frå Kviteseid vil ikkje ha fleire kommunesamanslåingar.

– Når det blir veldig sentralisert, så vil kanskje skular bli lagt ned. Med såpass store avstandar på bygda, så blir det kanskje vanskelegare for elevar å kome seg til skulen, og folk må flytte til byane.

Merete Myrvang frå Seljord og Maren M. Heggtveit frå Kviteseid er elevar ved Bø vidaregåande skule.

– Ein veit jo aldri

I tillegg til å fokusere på veg og busstilbod, synest fleire av Kvitsund-elevane at politikarane bør bry seg meir om bønder og bensinprisar.

– Og så må dei ikkje slå saman skular. Eg trur ikkje det er ein god idé, eg trur det vil øydeleggje miljøet, seier Sofie.

Ho meiner også at staten må oppdage og hjelpe fleire unge kriminelle.

– Og me må bli betre på integrering, legg Omar til. 

Elevane på Kvitsund kjem frå heile Vest-Telemark, og me spør om dei kjem til å flytte heim att til distriktet etter eventuelle studiar ein anna plass.

– Ein veit jo aldri kor ein endar opp, men eg har lyst til å kome tilbake hit, seier Lukas Brekke Moore (18) frå Morgedal.

Amalie Rannestad (16) frå Kviteseid er usikker.

– Sjølv om eg likar Vest-Telemark veldig godt, så tenker eg at det er veldig mykje å sjå i verda, og veldig mykje å oppleve.

Maria Metveit Haugo (16) og Sara Lindgren (17) frå Kviteseid er derimot heilt sikre i si sak:

– Me vil heim att!

Fakta og talgrunnlag i denne saka er utarbeidd av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.

Tal om unges haldningar er henta frå Norsk medborgarpanel ved Universitetet i Bergen.

Powered by Labrador CMS