Stemninga var på topp blant elevane og dei heia på kvarandre.

Ungdomsskuleelevane samla til tradisjonsrik volleyballturnering

Ungdomstrinna i Tokke og Vinje møttest nyleg til den årvisse volleyballturneringa som har engasjert elevar sidan 2004. Det sosiale lågterskeltilbodet står sterkt, og interessa for volleyball er på full fart opp att i Vinje.

Publisert

Volleyballturneringa mellom ungdomsskular i Tokke og Vinje vart arrangert for fyrste gong i 2004, etter initiativ frå dåverande lærar Kjell Folven ved Åmot skule. Han gjekk av med pensjon i 2013, men turneringa held fram med å vere like populær no som då. Dette trass i at det er mange år sidan Vinje sist hadde volleyballag i seriespel.

Lærar Morten Bråstøyl, som sjølv har vore ein ivrig volleyballspelar, har nyleg starta opp volleyballtreningar for ungdomstrinna. På det meste har rundt 30 elevar møtt på øvingane, noko som viser at interessa og talenta stadig er til stades i Vinje.

– Denne turneringa er noko elevane gler seg til kvart år. Dei spør alt når dei byrjar på skulen om hausten om dei kan få trene til turneringa, fortel lærar og turneringsgeneral Arild Fossland.

Lågterskeltilbod

Bladfyken møtte mellom anna åttandeklassingane Hilde Årlid Aasen, Sigrid Hovden, Kaja Lien og Signe G. Fjell frå Åmot og Rauland. Dei hang spente langs ribbeveggen medan dei venta på kamp. Hilde hadde vunne alle kampane sine så langt.

Ho fortel at ho har spelt mykje på skulen fram mot turneringa, og at dette er noko dei ser fram til kvart år. Å treffe mange elevar frå ulike skular og få spele kampane er det kjekkaste med dagen, seier Aasen mellom slaga.

Fossland legg til at turneringa først og fremst er eit sosialt tilbod. – Me håpar elevane har det morosamt. Det er målet vårt. Tilbodet skal vere lågterskel, og alle som har lyst skal få vere med, seier han vidare.

Lærar Øystein Eriksen var ein av dommarane på dei tre banane som vart brukt under turneringa. - Noko dommardiskusjonar har det vore, men det har gått greit, sa Eriksen.
Det var folksamt i drettshallen på Vinjehuset denne torsdagen. Turneringa var i skuletida.
Maja Austjore Våle spela på Åmot 2 og stortreivst under turneringa sjølv om kampane starta nervøst for laget hennar. – Me tapa fyrste kampen, men det kjem seg vel etter kvart. Det er ein veldig morosam dag og godt å kome seg ut av klasserommet. Samhaldet blant elevane er veldig bra på skulen her og det set eg stor pris på, sa Våle.
Her er det 9. klasse Edland skule som varmar opp til kamp. Frå venstre: Vervara Hurina, William Gripenc Kyed, Nika Kabanenko og Ivan Vypenko
Indra Hansen frå 8. klasse ved Tokke skule likar ikkje så godt gym på skulen og spela ikkje under turneringa. - Eg har det fint på turneringa her sjølv om eg ikkje spelar. Det er mange nye og spanande folk å prate med her og eg interesserar meg mest for kunst og kultur. Så eg går berre rundt og heng her og pratar med nye folk og det er godt å oppleve noko nytt.
Lærarane Morten Bråstøyl (t.v.) og Arild Fossland var fornøgd med dagen og spelet til elevane.
Powered by Labrador CMS