Ultraløpsveteran hyllar Ingrid etter prestasjonen
– Det er ein fantastisk prestasjon Ingrid leverte i helga. Samstundes er det ikkje veldig overraskande at ho kom så langt. Ho har dokumentert potensialet sitt i fleire løp, seier Olav Engen.
Engen er ein sentral person i norsk ultraløping. Han er mannen bak Romerike Ultraløparklubb, som er den største ultraløpsklubben i landet. Ingrid Lid (34) frå Kviteseid har vore medlem der sidan 2017. Engen har òg mange år bak seg som løpsleiar for Bislett 24-timars – ofte omtalt som ultraløparane sitt jolebord, ikkje minst fordi det blir servert mykje god mat.
– Det er berre å ta av seg hatten for det Ingrid gjorde. Ho leverer 258 kilometer og eit klart karrierebeste. Berre éi norsk kvinne har nokon gong sprunge lengre. Therese Falk var nokre kilometer framfor då ho sette norsk rekord for nokre år sidan. Det er ikkje sikkert den rekorden står så lenge, seier Engen til Vest-Telemark blad.
Engen meiner mykje talar for at Ingrid Lid kan springe endå lengre enn det ho gjorde i den kokande atmosfæren inne på Bislett i helga. Han peikar på alder, løpshistorikk og eit tydeleg potensial. Det er sjeldan ein så ung løpar leverer formidable 258 kilometer på 24 timar.
– Ingrid har mykje erfaring til å vere så ung. Årets vinnar av Bislett 24-timars har allereie ein imponerande merittliste på ulike ultradistansar. Som 26-åring sprang ho 209,144 kilometer i eit 24-timarsløp og mangla berre 856 meter på VM-kravet. Etter det har ho levert sterke resultat på fleire distansar, seier Engen.
Ingrid Lid har tidlegare vore open på at ho har strevd med å knekke 24-timarskoden. Ein grunn kan vere at ho kanskje ikkje har hatt det same fokuset på konseptet som i andre ultraløp. Ho har fleire gonger prøvd å setje noregsrekordar på 100 kilometer og andre distansar undervegs. Det har ikkje vore optimalt for å prestere best mogleg på 24 timar, som er ei krevjande øving.
På spørsmål om kvifor Ingrid kom så langt denne gongen, seier Engen at det truleg heng saman med at ho valde å satse alt på sjølve 24-timarsløpet og ikkje på mellomdistanserekordar.
– I år brukte ho all energien på 24-timarsløpet og fekk full utteljing for det, seier han.
Ultraløpseldsjela synest det var svært gledeleg å sjå at Ingrid fekk hundre prosent klaff og lykkast så godt som ho gjorde denne helga.