Tor Golid bygger parti stein på stein.

Tor stiller til val. For fyrste gong som politikar, i eit heilt nytt parti

Me har møtt Tor Golid i Brunkeberg. Saman med kona og dottera står han på stortingslista for Telemark Generasjonsparti. I dette intervjuet fortel han om Demokrati-appen, korleis partiet hans vil spare pengar og om eit hårete mål ved valet.

Publisert Sist oppdatert

– Det at det er kake på bordet er heilt vanleg her.

Tor Golid bur vegg-i-vegg med Bakarhuset i Brunkeberg, der kona, May Benthe Jenssen Golid, er kjend for å produsere svært god steinomnsbakst. 

– Nå har diverre ryggen til May Benthe streika, så det er ikkje så mykje baking akkurat nå.

Men Tor – og kona – har nok å engasjere seg i. Tor er midt i valkamp for nykommaren Generasjonspartiet, som stiller lister til stortingsval for fyrste gong. Han er tillitsvald og står som nummer 4 på stortingslista for Telemark. May Benthe står som nummer 10.

Familien Golid har tatt dette med generasjonar heilt bokstaveleg. Dotter Tone Marie Golid står som nummer 12 på lista.

– Ja, he, he. Me melde oss inn ved signaturinnsamlinga. Partiet blei stifta i 2022. Det som appellerte mest var direkte demokrati. Det er altfor mykje som blir bestemt utan at me får vere med og bestemme. Me ønsker fleire folkeavstemmingar, seier Tor.

– Fleire hundre innmeldingar

May Benthe og Tor kjøpte garden deira i Brunkebergvegen i 1992. Han er frå Seljord, ho er frå Ulefoss, og dei har tre barn saman. 

Det var May Bente som fyrst såg ein video av partileiar Gyda Oddekalv på nett, og som byrja å følgje ho i sosiale medium. 

– Etter kvart blei me spurt om å stifte eit fylkesparti, og det gjorde me nå i mars. Til valet i haust har me lister i alle valkretsar – over heile landet, fortel Tor.

Mange har fått med seg at partileiaren din blei kasta ut av Dagsnytt 18 på NRK tidlegare i august, etter ein oppheita debatt med Frøya Sjursæther frå MDG. Kva er din kommentar til det som skjedde der?

– Me har hatt fleire hundre innmeldingar etterpå og berre 15 utmeldingar. Det fyrste Gyda gjorde etter debatten var å samle alle leiarane i partiet i eit videomøte, og dette har verka samlande i organisasjonen.

Me lar den ligge, og spør om det var noko spesielt som gjorde dottera hans interessert i det same partiet som han og kona.

– Det var nok mange små ting etter kvarandre. For oss alle. Dotter mi, Tone Marie, og mannen, har to vanlege, kommunale jobbar og tre ungar. Det er dyrt å ha ungar, og nesten umogleg å få lån i banken. Og så var det dette med rein mat. Generasjonspartiet er veldig imot bovaer (fôrtilsetningsstoff) i maten til kyr. I familien vår kjøper me berre meieriprodukt frå Røros-meieriet.

– Til valet nå i haust har me lister i alle valkretsar i heile landet, seier ein fornøgd Tor.

– Demokrati i lomma

Generasjonspartiet er opptatt av sjølvforsyning, straum til kostpris og tannhelse inn i eigenandelsordninga. For å nemne noko.

– Me ønsker endring. Og me vil at folket skal bestemme.

Når skal folket få bestemme?

– Me jobbar for å grunnlovsfeste bindande folkeavstemmingar nasjonalt og lokalt. Det er lenge sidan sist avstemming nå. Ein skal ikkje ha mange i året før det blir betre enn nå. 

Men kva for saker er aktuelle til ei folkeavstemming?

– Større ting. Me vil at folk skal kunne stemme direkte i både lokale og nasjonale spørsmål, slik som i Sveits. Døme på det er skulenedleggingar og energipakker. Me vil bruke ein demokrati-app for å gje folk ei stemme også etter valdagen. Der kan ein legge inn saker ein er opptatt av, og stemme på det ein vil. Det er demokrati rett i lomma, seier Tor. 

Han legg til at vegen blir til mens dei går i det nye partiet. 

– Me har tru på løysinga med appen. Det er altfor mange yrkespolitikarar som berre sit og bestemmer over oss.

– Det renn over med grøne prosjekt

Tor vil gjerne snakke om digitale stands, og at partiet har trekt til seg mange unge via sosiale medium. Dei har ikkje så mange medlemmer i Vest-Telemark ennå, men mange i Telemark sett under eitt, seier han.

– Det er mykje frustrasjon blant dei unge over system som ikkje fungerer og offentleg sløsing. Generasjonspartiet vil fjerne formuesskatt og eigedomsskatt på primærbustad, og vil at alle kan tene inntil 500.000 kroner utan å betale inntektsskatt. 

Og før me rekk å stille neste spørsmål;

– Og då er vel neste spørsmål kvar me skal hente inn desse pengane?

Ja.

– Me må bli flinkare til å bruke kunstig intelligens. Det blir oppretta 500 nye stillingar i det offentlege kvart år. Det går an å lage åremålsstillingar i staden. Kanskje treng me heller ikkje fylkeskommunen. Det er nok med to administrasjonsledd.

Han seier at endring ikkje er enkelt, men at det må gjerast.

– Det renn jo over med grøne prosjekt.

Kor skal me hente kraft frå viss ikkje frå, til dømes vindturbinar, som de er imot?

– Me kan gjere mykje med vasskrafta. Me kan starte med å oppgraderer turbinane me alt har. Når det gjeld kjernekraft så kunne det vore aktuelt i Grenland og på Svalbard. 

Kva tenker du om datasenter i Vest-Telemark?

– Eg tenker at det er eit døme på noko der folk ved direkte demokrati skulle fått blitt med å bestemme.

– Endring er ikkje enkelt, men det må gjerast.

– Eg trur det går bra

Han verker til å vere ein roleg type, Tor. Rolegare enn partileiaren, kanskje?

– He, he. Eg er roleg og balansert. Men det er Gyda og, seier han.

For fem år sidan var han i ei arbeidsulykke på jobb for Skorve entreprenør. 

– Det er kjipt når ein ikkje klarer jobben lengre. Men veldig bra å kunne vere litt frivillig engasjert i politikken.

Korleis går det med Generasjonspartiet i stortingsvalet?

– Eg trur det går bra. Målet er å få inn 10 representantar. 

10? Er ikkje det eit hårete mål?

– Jau, men om ein ikkje har hårete mål, får ein ikkje inn nokon, smiler han.

Ville det ikkje vore lurare å blitt med i eit større parti?

– Nei. Eg trur mange av dei store partia har vanskeleg for å endre seg. Det er betre å starte på nytt med noko som er bra. Direkte demokrat skil oss hovudsakeleg frå dei andre partia. 

Blir det ikkje vanskelegare for veljarane å velje parti når det er så mange?

– Kvifor folk slit med å velje kan ikkje eg forstå. He, he.

Kva vil Generasjonspartiet gjere for vesttelane?

Han tar seg ei tenkepause og ser ut i lufta.

Det var ikkje så mykje?

– Jau. Kollektivtransport og vegen over Haukeli burde vore betre, det vil me jobbe for. Men me har ikkje alle lokale saker klare ennå. Me er eit heilt nytt parti må du hugse. Og folk skal få vere med og bestemme. 

Har du lyst til å sitte på tinget?

– Ja, eg kan ta ein periode på tinget, eg, smiler han, før han må springe til Zoom-møte med partileiaren.

– Om ein ikkje har hårete mål får ein ikkje inn nokon på tinget.
Powered by Labrador CMS