Tone Susanne har reist seg etter ein vond barndom: – Eg fekk hjelpa eg trong
Me har møtt fyresdølen som leier Senterungdommen i Telemark. I dette intervjuet fortel ho om mobbing, rehabilitering og kvifor ein bør stemme på Senterpartiet.
– Eg var på veg heim frå trening og byrja brått å sjangle bortover gata. Heime måtte eg krabbe opp trappa. Pang! Eg kjende nesten veggen fysisk.
Tone Susanne Kvasjord (27) er femtekandidat på stortingslista til Telemark Senterparti. Fyresdølen har med seg ei vond barne- og ungdomstid i livssekken. Men etter at ho stod fram og fortalde historia si på Senterpartiets landsmøte i 2022, har det berre gått oppover.
– Eg har det veldig bra nå, smiler ho breitt.
– Eg blei sett og høyrd
Men først tilbake til dagen då ho var 24 år og trefte den fæle, berømte veggen.
– Eg gret, eg var skamfull, frustrert og deprimert. Alt for i gjennom kroppen.
Ho fortel at mobbing gjennom heile grunnskulen og ein utfordrande oppvekst hadde sett seg i heile ho.
– Det var alltid stygge kommentarar, og eg hadde få vener.
Etter grunnskulen tok ho restaurant- og matfag, og så kokk- og servitør. Ho fekk jobb på Bistro Teisner i heimbygda, og etter kvart på Teisner mathus. Men så sa det altså stopp.
– Etter at eg blei sjuk blei eg raskt sjukemeld.
Ho kjende fort at det var uaktuelt å fortsette i jobben ho hadde. Ho orka ikkje ein gong å tenke på å lage mat. Vendepunktet kom då ho fekk fire vekers opphald på Rehabiliteringssenteret AiR på Rauland. Ho kan ikkje få fullrosa AiR nok.
– Eg blei sett, høyrd, og fekk hjelpa eg trong. Eg har fått arbeidd med mykje frå barndomen. Men om eg kjenner meg litt tung, kan eg berre ta ein telefon opp, eller stikke innom der. Eg kjenner på ei ro berre ved å vere i nærleiken av AiR.
Arbeidsrehabilitering
Politikaren Tone Susanne er svært opptatt av psykisk helse. Naturleg nok.
– Cecilie Haugen si mobbehistorie (frå Drangedal, red. merk.) inspirerte meg til å fortelje historia mi, og eg har fått mange positive tilbakemeldingar etter at eg valde å stå fram.
Ho sit nå i brukarutvalet til AiR og kan snakke på inn- og utpust om utanforskap, og kor viktig det er å ha eit rehabiliteringssenter som Rauland.
– Eg har fått følgande inn i stortingsval-programmet til Senterungdommen; Arbeidsrehabilitering i spesialisthelsetenesta for unge vaksne må ytterlegare styrkast.
Ho smiler frå øyre til øyre og seier det var stort. Så legg ho til at det er svært kort veg frå Telemark og inn til Stortinget.
– Åslaug (Sem-Jacobsen red. merk.) gjer ein fantastisk jobb for oss i Telemark.
– Gler meg til valkamp
Tone Susanne sitt politiske engasjement starta då ho gjekk på vidaregåande i Seljord, og det blei snakk om nedlegging av skulen.
– Ja, då blei eg engasjert. Det er ti år sida nå, og eg har vore med å starte lokallag for Senterungdommen i Tokke, Fyresdal og Vinje. I februar blei eg vald til fylkesleiar i Telemark Senterungdom.
Nå jobbar ho for at førstekandidaten i Telemark Senterparti får fire nye år på tinget.
– Me skulle gjerne hatt inn fleire, men det viktigaste er å få inn Åslaug. Me får mindre gjennomslag for distriktssaker viss ikkje ho er der.
Det ser ikkje så bra ut på meiningsmålingar for tida?
– Me slit litt, men det at me gjekk ut av regjering var klokt. Eg har trua på at det går oppover att, og eg gler meg til valkamp.
Kva skal de gjere for å snu ei negativ trend?
– Me skal fronte vår politikk. Me ser heile landet, og jobbar for distrikta og for landbruket. Det er viktig med eit sentrumsparti som oss. For Sp er også nei til EU ei viktig valkampsak.
Me lever i ei uroleg tid, og europeiske land bør halde saman? Er ikkje EU svaret då?
– Nei, Sp er for internasjonalt samarbeid, med forsvarssamarbeid gjennom NATO, og handels- og samarbeidsavtaler med til dømes EU-landa, som ikkje utfordrar Noregs sjølvstyre slik som EØS-avtala gjer i dag.
Sp fekk 16,5 prosent av stemmene frå Telemark ved førre stortingsval. Kva er målet nå?
– Målet er å behalde Åslaug sitt mandat for brei representasjon.
– Det må kome meir pengar
Tone Susanne skal representere Sp i heile 13 debattar i fylket før valet, og startar på Vest-Telemark vgs og Kvitsund vgs denne veka.
– Det er få ting som er meir krevjande enn skuledebattar. Det er fint for meg å starte på lokale skular, smiler ho.
Ho fortel at ho får god hjelp frå valkamputvalet i Telemark Sp.
– Tidlegare leiar i Senterungdommen, Johannes Rindal, bur i Seljord og gjev meg gode råd. Eg kallar han berre rådgjevaren min. Karl Kristian Langeland frå partiet sentralt kjem ned på måndag og skal støtte meg ytterlegare. Eg skal prøve å kose meg og gjere det beste eg kan.
Psykisk helse er viktig for deg. Korleis vil Sp redusere utanforskap og mobbing?
– Me treng fleire gode ressursar inn i skulen. Det må kome meir pengar frå staten. Me treng miljøteam, og det må vere helsesjukepleiar til stades på skulane. Det må bli kortare veg mellom utfordring og hjelp. Me treng også fleire tilbod til dei unge på fritida. Plassar der dei kan henge. Ein kan arrangere kafear og ha samtalegrupper med prostdiakonen til dømes.
– Pustar og tel til ti
Tone Susanne fekk sjølv «starte på nytt» etter opphaldet på AiR. Ho tok fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og i dag jobbar ho i barnehagen på Fjone.
– Eg har akkurat starta der, og så skal eg rett ut i politikar-permisjon, ler ho.
Sjølv om ho gruer seg litt til skuledebattar på store skular i Grenland, så veit ho at ho har gode AiR-verktøy med seg i sekken.
– Og så tel eg til ti om eg blir stressa. Pustar djupt, tel til ti, og gjer så godt eg kan.
Og korleis går det med Sp i valet?
– Me tenker det skal gå bra. Eg har trua. Viss ikkje må me berre sjå framover.