Datoen er 22. august 1961. Klokka er 15.28. Statsminister Eina Gerhardsen trykker på knappen. Rett nok ein jukseknapp. Men likevel – det fyrste aggregatet i Tokke kraftstasjon startar.

Kraftproduksjonen i Tokke kraftstasjon er i gang. På få minutt er den opp i maksimal produksjon på 100 000 kilowatt.

Ungane fekk fri frå skulen. Norske flagg, guttemusikk, applaus, TV og telegram frå Kongen.

Det er starten på eit eventyr.

Tokkeutbygginga gav arbeidsplassar, straum og enorme inntekter

I 1956 vedtok eit samrøystes Storting å sette i gang Tokkeutbygginga. I 2025 produserte kraftverka i Tokke og Vinje straum nok til årleg forbruk til 300 000 norske heimar. 

Publisert Sist oppdatert

I dag har kraftkommunane Tokke og Vinje enorme inntekter på grunn av kraftproduksjonen. Men det var også ei enorm investering – totalt kosta utbygginga 940 millionar. Rundt 11 milliardar i dagens verdi.

Reguleringa av Tokke-Vinjevassdraget vart diskutert mange gonger. Særleg var det Totak som vart drøfta. I 1902 søkte Skien Brugseierforening om løyve til å senke Totak med fem meter. 

Men planen møtte motstand i kommunestyret i Rauland. 

Søknaden vart trekt. 

I åra som følgde var det fleire planar. Men lenge er det ikkje så stort behov for meir utbygging. Etter krigen endrar det seg. Industrien treng meir kraft, og fleire talar for å bygge ut Tokke-Vinjevassdraget. 

Utbygginga krev arbeidsfolk. På det meste er 1500 personar i arbeid.

For dei små bygdene byr utbygginga på store forandringar. Arbeidarar og funksjonærar har med seg familiane sine. På Dalen bygger dei hus, sjukestoge, forsamlingslokale, ny skule.

I februar 1957 står administrasjonsbygget klart på Dalen, 14 dagar før tida. I dag er dette Tokke kommunehus.

Det er ei blømingstid. Folk står i kø for å få arbeid og det får ringverknadar. 

I anleggstida var det fire bensinstasjonar i Edland og tre i Haukeli. På Dalen blir det fleire ungar. I 1955 stod Dalen og Vistad samskule ferdig, men snart er skulen sprengfull. Det blir bygd 30 hus til funksjonærar på Dalen – prislappen er tre millionar kroner. Rundt om kring i bygda blir det også bygd andre typar hus. 

Desse er til tilflyttande arbeidarar som set opp husa sine av lemmar slik at dei skal få familiane hit så fort som mogleg. 

Ulikskapane blir kritisert. 

Utbygginga betyr kraft, arbeidsplassar, inntekter. Men det var også noko som gjekk tapt.

I 1961 vart gardsbruket Havradalen sett under vatn. Då vart Bordalsvatnet regulert.

Kjell Bitustøyl har skrive bok om Havradalen. Han fortalde dette til VTB i 2020: «Det var ei dramatisk oppdemming. Då vatnet kom hadde dei ikkje greidd å rive og flytte alle bygningane. Både ein stall og eit sauefjøs blei teke og låg der ute og flaut på vatnet. Noko av det blei redda inn att stokk for stokk.»


Dei største tapa var menneska som mista livet i arbeidet. På dei ti åra frå 1956 til 1966 mista 23 menn livet ved Tokkeanlegget. Dei to yngste var ungdommar på 15 og 16. Sommaren 1961 skulle Kristelige Student og Gymnasiastlag ha dugnadsleir ved Songa. Det enda tragisk då båten med dei to ungdommane Roger With og Dag Erik Birkeli, og pastor Arne With (40), kantra, og alle tre drukna. 

Dødsulykkene var elles arbeidsulykker der mennene omkom i ras, eksplosjonar eller ulike klemulykker med maskiner som velta. 

Arbeidet med å meisle ut og sprenga seg inn i fjell, handtere sprengstoff og tunge maskiner var svært farleg.

Lovverket på den tida sa mellom anna: «Arbeidsgjevaren skal sørga for at bedrifta er slik innretta at arbeidarane er verna mot skade på liv og helse så godt og hensiktsmessig som det let seg gjera etter tilhøva. Personleg verneutstyr skal om naudsynt stillast til rådigheit der det med rimelegheit kan krevjast.»



Sysselsettinga svinga i løpet av anleggsperioden. Men utbygginga endra lokalsamfunna i Vest-Telemark lenge etter at den var over.

Økonomi, arbeidsmarknad og natur blir ikkje den same som før 1956.

Kjelder:

Kraftlandet.no

Ljos og kraft i alle heimar av Ragnar Lurås

Statkraft.no

Telemarkhistorier.no

Powered by Labrador CMS