– Mange er flinke til å halde mat unna vasken, men det kan verke som om fleire kastar meir matavfall i do i staden, utan å tenkje på at alt blir samla i det same avløpet, fortel Cato Vik, som er avdelingsleiar i Norva24 i Sunnfjord. Foto: Norva24

Tette røyr: Ikkje eitt feitt

Du har sikkert fått med deg at ribbefeitt ikkje høyrer heime korkje i vasken eller i do. Men visste du at eggjesøl fort kan bli til omelett i vasslåsen, at for mykje vaskepulver kan tette røyra eller at du alltid bør tørke steikjepanna før du vaskar ho?

– Det hamnar utruleg mykje feitt ned i røyra. Over tid samlar det seg opp, harsknar og blir knallhardt – og til slutt er røyra så attgrodde at det knapt er hol att til at noko anna kan passere.

Cato Vik i verksemda Norva24 Birkeland avdeling Sunnfjord har sett det meste når det gjeld tette avløpsrøyr. Men sjølv om det kan dukke opp kuriositetar som hageslangar, sparebøsser og playstation-kontrollar når han og kollegaene landet rundt går inn med kamera og høgtrykksspylar for å opne tette røyr, er det likevel heilt kvardagslege ting som oftast set ein stoppar for at vatnet kan fløyme fritt: Feitt, og såpe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nordmenn har nok ein tendens til å overdosere med vaskemiddel, og såpa som ikkje blir oppløyst i vaskevatnet, samlar seg også opp og skaper store avleiringar som tettar røyra. Somme gonger slår såpelukta mot oss når me opnar opp røyra – det er nesten så eg kan seie kva for merke vaske- og skyljemiddel folk brukar, fortel han.

– Feittproppane finn me gjerne 6–8 meter frå utslagsvasken, der røyra går ut under bakken rett utanfor husveggen. Så lenge feitt og olje er i varmt vatn, er det i rørsle, men når vatnet kjem utanfor huset blir det kaldt, og då stivnar feittet. Då startar også problema.

Kjeldesortering i dass

Og så det er sagt: Det er ikkje berre i jula at me slurvar med kva me sender ned i vasken og toalettet. Mange har faktisk fått med seg at dei store mengdene med feitt frå pinnekjøt og ribbe slett ikkje har noko i røyra å gjere. Det er like mykje i den kvardagslege donten at me bør etablere gode og feittfrie rutinar, seier Vik.

– Det kan vere mykje feitt i ei vanleg steikjepanne. Difor bør du alltid fjerne det meste av feittet med papir, før du vaskar ho i vasken.

Sjølv om Cato Vik ikkje har nokon reell statistikk å vise til, meiner han også å ha sett utviklinga av ein ny tendens hjå somme etter at det vart innført kjeldesortering.

– Mange er flinke til å halde mat unna vasken, men det kan verke som om fleire kastar meir matavfall i do i staden, utan å tenkje på at alt blir samla i det same avløpet. Me finn bein frå både kotelettar og fårikål som har sett seg fast og fører til full stopp. I større byar og på stader med eldre infrastruktur, fører dette i tillegg til store rotteproblem.

Flyttar problemet

Eit beskjedent klukk-klukk frå vasken er ofte det første teiknet på at noko er gale. Det er då du ideelt sett bør ta kontakt med fagfolk, seier Vik – som fortel at mange likevel gjer vondt verre i eit forsøk på å ordne opp sjølv. Ola og Kari tek i bruk all verdas kreative reiskapar for å stake opp røyr – ofte med det resultat at proppane forsvinn endå lenger innover.

– Det verste er likevel dei som går laus på røyra med Plumbo i pulverform. Det må ein aldri, aldri gjere. Uoppløyst Plumbo blir knallhardt. Når me skal fjerne det, er det som å slå sundt vanleg stein, åtvarar Cato Vik og oppsummerer:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjeldesortering er ikkje berre bra for miljøet. Ved å handtere avfall rett, sparar ein også samfunnet og privathushald for store utgifter til å opne tette røyr.

(Faktaboks) Slik kvitter du deg med feittet

* La feittet stivne og skrap det ut (kast i matavfallet). Tørk bort restane med papir (kast i restavfallet).

* Hell rennande feitt over i ein tom mjølkekartong, teip att toppen og kast i restavfall. Dette gjeldt også olje, til dømes frå glas med oliven eller feta.

* Tørk av feittet i steikjepanna med papir før du vaskar ho.

* Bakefeitt som smult er perfekt for å lage meisebollar til fuglane. Hell feittet i ein mjølkekartong, hell oppi frø, nøtter eller havregryn og sett til kjøling.

(Faktaboks) … og dette gjer du med resten

* Matrestar skal ikkje ned i avløpet, same kva slags mat det er. Suppe inneheld til dømes mykje feitt sjølv om det er rennande. Har du restar av frukostblanding, siler du av mjølka i sluket og kastar resten i matavfallet.

* Søl frå eit rått egg i vasken kan fort bli omelett i vasslåsen om du heller på varmt vatn. Det hjelper ikkje å skylje ned med kaldt vatn.

* Kaffigrut: Bruk skei og grav gruten ut. Legg tørkepapir over sluket før du skyl kanna med vatn og heller ut, slik at restane blir igjen i papiret.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Stearin: Lysestakar må ikkje skyljast i varmt vatn i vasken. Stearinen smeltar der og då, men blir til ein klump når den kjem ned i røyra.

* Det er berre avføring, urin og toalettpapir som skal i toalettet. Alt anna (hår frå hårbørsten, bleier, bind, tampongar, våtserviettar, sminkefjerningsserviettar, bomullpads, Q-tips, kaffifilter osb.) skal kastast i restavfallet.

(©NPK)

Om du ikkje fortærer alt julefeittet sjølv; hell det over i ein tom mjølkekartong, teip att toppen og kast det i restavfallet. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Silen i vasken bør alltid vere på plass. Hugs at den uansett ikkje fangar opp kaffigrut, og at du bør leggje litt kjøkkenpapir over når du skyl presskanna. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Så lenge feitt og olje er i varmt vatn, er det i rørsle, men når vatnet kjem ut under bakken, blir feittet kaldt og stivnar. Då startar også problema, fortel Cato Vik. Foto: Norva24