Terje Aasland, Telemark Ap

Terje Aasland

Alder: 60 år

Kjem frå: Skien

1. Nemn tre grunnar til at vesttelane skal stemme på deg og ditt parti?

Folk skal få betre råd, blant anna Norgespris på straum, garanterer for låge barnehageprisar. Vi sikrar kommunane kraftinntekter og står ved den historiske avtala samtidig som vi sikrar eit omfordelande inntektssystem ( H og FrP var ueinig og stemte imot). Vi har styrka distriktslandbruket og vil fortsette med det og har vesttelanes sterkaste stemme i i Lene Vågslid.

2. Vil du gjere noko for å sikre rimelegare straum for folk og næringsliv i Telemark?

Garanterer for Noregspris og redusert nettleige og dessutan fastprisavtaler for næringslivet.

3. Meiner du det bør leggast til rette for meir kraftproduksjon i Vest-Telemark? Eventuelt kva type kraftproduksjon?

Eksisterande vasskraftanlegg bør bli oppgraderte og eventuelt utvida. Sol og vind bør vurderast, men kommunane skal ha vetorett til å si ja eller nei.

4. Etterslepet på fylkesvegane har passert 100 milliardar kroner. Kva meiner du bør bli gjort?

Vi ha ein klar opptrappingsplan slik at vi følger opp NTP og dessutan fortsette styrkingen av fylkeskommunanes økonomi i åra framover.

5. Korleis vil du løyse mangelen på helsepersonell i distrikta?

Styrke kommuneøkonomien og utdanne fleire helsepersonell.

6. Kvil vil du gjera for at kommunane skal klare å handtere eldrebølga?

Styrkt kommuneøkonomi og fleire som blir utdanna innanfor helseområdet.

7. Korleis vil du få fleire unge til å flytte til distrikta?

Desentralisert utdanning. Sikre attraktive jobbar i eit spennande næringsliv ved å føre ein aktiv næringspolitikk og eit meir velfungerande verkemiddelapparat i distriktet

8. Om du kunne gjennomført éi sak utan motstand – kva ville det ha vore?

Sikra unge menneske i etableringsfasen og redusert kostnadene ved å bu i distrikta.

Powered by Labrador CMS