Sjå bilde frå UKM i Fyresdal

Øvste rad frå venstre: Maria Isabell Mykland Rui, Sebastiaan Hoomoedt, William Bergve og Jonas Straume. Midten: Melissa Pinheiro, Ronja Kile Bergsland, Tiril Skålid. Fremst: Mathilde Krossli Aasbak, Irma Svendsen, Viktoria Moen Tovslid, Vilde Marie Hagquist-Nystad, Amalie Metveit Hansen, Thea Jopperud, Bella Hegglid og Mariia Pidhirna.

Talent, latter og fellesskap 

Laurdag samla unge seg for å vise fram talenta sin under UKM-framsyninga i Fyresdal. Det vart ein kveld fylt med musikk, dans, humor og god stemning – framført i den nyopna kultursalen.

Framsyninga starta kl. 16.00, og publikum fekk oppleve eit bredt spekter av innslag. Karoline Nedrebø opna kvelden med musikk, før dei påmelde deltakarane briljerte med song, gitar, trommer og dans. Publikum fekk også sjå improvisasjonsteater med Anne og Hanna frå «Nesten Lættis», som sørga for både latter og engasjement i salen.

UKM viste nok ein gong at lokalsamfunnet er fullt av talent, og at slike arrangement skapar samhald og gode opplevingar, melder Fyresdal kommune.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS