I nokre delar av Noreg, vil solformørkinga vere på så mykje som 90 prosent av sola. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Største solformørking på over ti år

(NPK-Sara Berg Jønsson): I kveld, onsdag er det dekka bord for solformørking i heile landet og meteorregn i sør. Eit tett skydekke kan likevel bli ein skikkeleg festbrems.

Publisert

– Det startar med at månen sklir inn framfor sola og skapar ei solformørking. Eit par timar seinare har vi også høgdepunktet for årets kraftigaste meteorsverm, «Perseidene» . Alt dette skjer i løpet av fire timar på onsdagskvelden, seier astrofysikar, Knut Jørgen Røed Ødegaard til Nynorsk pressekontor (NPK).

Han utdjupar at ei solformørking inntreffer fordi sola, månen og jorda står på rekkje og rad gjennom verdsrommet i den rekkjefølgja.

– Månebana heller fem grader i forhold til bana jorda har rundt sola. Vanlegvis passerer månen over eller under denne linja, men denne gongen passerer han rett framfor sola og skuggar for henne. Vi får altså ei suverent stor formørking, forklarer Røed Ødegaard.

Han oppgir samstundes at meteorregnet, som kjem utover kvelden, oppstår fordi jorda rører seg gjennom eit støvband frå ein komet i verdsrommet.

– Det skjer kvart år, men det går tre–fire år mellom kvar gong det er mørkt nok til at vi kan sjå det skikkeleg. Årsaka er at sterkt månelys ofte forstyrrar opplevinga. Denne gongen er det solformørking og dermed nymåne. Det er difor ikkje noko månelys i det heile, understrekar Røed Ødegaard, som framhevar at dette gir heilt perfekte forhold under meteorsvermen.

– Ein stor europeisk festkveld

Astrofysikaren viser til at dette blir den største solformørkinga i Noreg sidan 2015, og den største vi får før 2039 eller 2048, avhengig av kvar i landet ein oppheld seg.

– Dette er ei formørking som vil dekkje 85 og 90 prosent av sola i det meste av landet. Formørkinga er kjempesvær og synleg over heile landet, inkludert på Svalbard. I tillegg er ho òg gigantisk i heile Europa, seier han.

Røed Ødegaard fortel at solformørkinga er jamnt fordelt over heile landet denne gongen.

– Formørkinga er på sitt lågaste med 81,4 prosent aust i Finnmark, i Kirkenes. Elles ligg ho på mellom 83 og over 90 prosent, avhengig av kvar ein oppheld seg i landet, seier han.

– Størst på Svalbard og i vest

Sjølv om det ikkje blir dei store skilnadane, vil det vere einskilde små variasjonar.

– Aller størst er formørkinga i dei vestlege områda, som på Vestlandet, Sørvestlandet og i Møre og Romsdal. Ho er bitte litt større her enn i Nord-Noreg, der formørkinga er minst. I Ålesund er ho på rundt 85–87 prosent, litt avhengig av korleis ein reknar. Samstundes er formørkinga på Svalbard endå litt større, der ho kjem opp i over 90 prosent, opplyser astronomen.

Trass i det minner han om at vêret speler ei avgjerande rolle.

– Det bør helst ikkje vere for mykje skyer, spesielt for meteorsvermen, som berre er synleg i Sør-Noreg. I Nord-Noreg er himmelen framleis for lys til at meteorsvermen kan sjåast no på seinsommaren, informerer Røed Ødegaard.

– Skya i heile landet

Statsmeteorolog og vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Idunn Hana, teiknar eit meir nøkternt bilete.

Trass i gode skotsmål for dei vestlege delane av landet, trekkjer det inn ein god del låge skyar frå havet. Det gjeld frå Vestland og nordover til Møre og Romsdal og Trøndelag. Rogaland og Sørlandet ser derimot ut til å få mykje betre vêr.

– Spesielt heilt i sør kan det bli riktig klårt, opplyser statsmeteorologen.

Gyllen tidsalder for solformørkingar

Neste totale solformørking i Noreg let vente på seg til 2097. Ifølgje Røed Ødegaard skjer fenomenet så sjeldan på grunn av storleiken til månen.

– I store trekk er månen eigentleg ganske liten. Det skal derfor mykje til for at han passerer rett føre sola. Det at månen er akkurat så liten, gjer òg at desse formørkingane blir skikkeleg spektakulære. Vi lever i ein heilt perfekt epoke i historia til jorda for å oppleve dette fenomenet, meiner han.

Røed Ødegaard peikar på at dersom månen hadde vore mykje større, ville det ha vorte formørkingar langt oftare. Samstundes reflekterer han over at det ikkje ville ha vorte like flott å sjå på, rett og slett fordi månen då ville ha skjult alt lyset frå den såkalla koronaen (strålekransen) som omgjev sola.

– Ver varsam med auga

Skal du ut for å sjå på himmelen, har astronomen ei klar oppmoding.

– Det er viktig å verne synet, fordi solskinnet er veldig sterkt og intenst, seier han.

Røed Ødegaard åtvarar samstundes mot å bruke vanlege solbriller eller sota glas.

– Det er direkte utrygt. Ein skal nytte solformørkingsbriller, som fjernar alt usynleg lys og berre held på ein hundretusendel av det synlege lyset. Dette gjer det trygt og ikkje minst komfortabelt å sjå på, tilrår astrofysikaren.

Manglar ein solformørkingsbriller, er det likevel råd å få.

– Ein kan oppsøkje eit arrangement, der ein kan sjå korleis månen sklir over solskiva. Eventuelt kan ein ta i bruk éi av to naudløysingar. Det eine er å sjå under ei lauvtrekrone, der sprekkane mellom blada lagar små gjenbilete av formørkinga på bakken. Det andre er å lage eit holkamera av ei pappeske. Det er ikkje så bra som med solformørkingsbriller, men ein får høve til å følgje formørkinga og sjå korleis ho endrar seg, avsluttar Røed Ødegaard.

(©NPK)

BRUK SOLFORMØRKINGSBRILLER: – Det nyttar ikkje med vanlege solbriller eller sota glas, varar astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard. Eigne formørkingsbriller er det einaste som gjer skuet trygt og komfortabelt.
SPEKTAKULÆRT SYN: Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard fortel at formørkinga blir så stor at det til slutt berre vil vere ei tynn «banan» att av sola på det meste. FOTO: Studio Vest
Powered by Labrador CMS