Ordførar: Jon Rikard Kleven

Status i Vinje: 17 personar er stadfesta smitta

Åtte nye personar blei stadfesta smitta i går, melder ordførar Jon Rikard Kleven.

Dei nye tilfella heng saman med dei som alt var smitta. Totalt er 17 personar busette i Vinje stadfesta smitta av covid-19.

– Det er nærkontaktar av tidlegare smitta, skriv ordføraren på Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han melder vidare at kommunen har oversyn over situasjonen og smittekjelda, men fryktar å miste den.

– Det er no ein alvorleg situasjon, skriv ordføraren.

Det er eit stort press på helsetenesta i kommunen og dei som jobbar med smittesporing.

– Eg ber alle som bur og oppheld seg i Vinje om å gjera det dei kan for at dette presset ikkje aukar, det vil seie at alle er nøye med å fylgje rutinar for smittevern, skriv han.

Veslejoleftan blei det stadfesta at ein ein tilsett i øvre Vinje omsorgsdistrikt hadde testa positiv for covid-19. Norheimstunet omsorgssenter blei stengt for besøk. I helga blei det også bestemt å stenge barnehagen i Edland i romjoli. Sundag varsla Esso i Haukeli på Facebook at dei måtte halde stengt måndag.

«Me held stengt i morgo 28/12 som eit smittverntiltak og på grunn av personell i karantene. Det blir sett i verk nedvask av butikken.»

Har utvida smittesporingsarbeidet

– Smitta starta så vidt før jol, og me har jobba intenst med dette gjennom joli. Kommuneoverlegen har vore på toppen av situasjonen, og folk har blitt sett i karantene før dei har fått stadfesta smitte, seier Kleven til VTB.

– Helsetenestene og smittesporingsteamet er under sterkt press, me har allereie fått inn fleire til å jobbe med smittesporing, og eg vil tru det vil koma ytterlegare utvidingar. Dei tilsette har lagt ned ein utruleg innsats, og har jobba når dei eigentleg har hatt fri, held ordføraren fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av dei 17 smitta i kommunen er tre tilsett i helsetenesta. Kleven håpar dei no har nådd toppen.

– Eg håpar me er igjennom det verste, frykten er at me skal miste kontrollen på smitta, og at trykket blir endå større på helsetenesta, seier han.

Til avisa Varden seier Kleven at det er ein raud tråd som starta 16. desember med ein person som kom heim frå sjukehuset i Skien.

– Vedkomande blei smitta på sjukehuset. Dei andre påviste tilfella heng saman med dette tilfellet, seier ordføraren til avisa.