Trimmarar: Framme f.v.: Jan Myrekrok, Rådmannen, Frances Mulbah, Vinje helse og omsorg, Tone Hild Sørland Lyslid, Fellestenesta og June Verstod, Rauland skule.Bak f.v.: Knut Seltveit- personalrådgjevar, Anders Sandvik - assisterande rådmann, Eva L. Vistad - personalrådgjevar, Kjersti Torvetjønn - Rauland Fjellsport og Hege Høgset - Sport1 Fristadsenteret.

249 av dei kommunalt tilsette har trimma minst to gonger i veka siste året. Nå har dei fått premie.

249 kommunalt tilsette har vore med i aktivitetsordninga til Vinje kommune.

Ordninga er eit lågterskeltilbod med stabil deltaking i 11 år (i overkant av 40 prosent – med heile 266 med i 2019). I 2020 har ikkje lenger Nav vore med i ordninga, men 249 tilsette deltok.

Målet med trimordninga er at dei tilsette skal ha ei god oppleving av å vere i aktivitet, som også har ein førebyggande helsegevinst og gunstig for å auke jobbnærværet (jobbnærvær fyrste kvartal var på 93,12 prosent).

Artikkelen held fram under annonsen.

Kravet til å delta er at arbeidstakaren må ha trimma minst to gonger i veka gjennomsnitt siste året. Premiane er gåvekort som vart nytta på i dei lokale sportsbutikkane. I tillegg er det trekking blant deltakande på fire premiar frå sportsbutikkane og Vinje kommune.

Assisterande rådmann Anders Sandvik måtte vikariere under premieutdelinga då rådmann Jan Myrekrok var den heldige vinnar av hovudpremien. Sandvik seier i ei pressemelding at det er mange flinke trimmarar i kommunen.

– Og om ein ikkje vinn sit ein att med gåvekort og god form, seier Sandvik.

Han takkar og rosar også dei lokale sportsbutikkane som kvart år gjev fine premiar og er med på overrekkinga.

Vinnarar

1.-premie: Sykkel levert av Sport1 Fristad, verdi 12.000, - Jan Myrekrok, rådmannen.

2.-premie: Gåvekort Vinje kommune, verdi 10.000,- June Verstod, Rauland skule

3.-premie: Gåvekort Rauland Fjellsport kr 6000,- Tone Hild Sørland Lyslid, Fellestenesta

4.-premie: Gåvekort Vinje kommune kr 6000,- Frances Mulbah, Vinje helse og omsorg.