Undersøking: Spørjeundersøking om Hardangervidda.

Spørjeundersøking om Hardangervidda: Vil høyre frå dei lokale

Sidan 2001 er det merka om lag 100 villrein med GPS. Sidan 2016 har det vore samla inn kunnskap om bruken av Hardangervidda, både blant lokale og besøkande.

Det er bruka ei rekke ulike metodar for å samle data, mellom anna intervjue- og spørjeundersøkingar, automatiske teljarar, GPS og andre datakjelder. Men det har vist seg vanskeleg å få fram stemma til dei lokale brukarane i desse undersøkingane, opplyser Vegard Gundersen ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Derfor har dei nå lagt ut eigen nettundersøking som er retta mot dei som bur eller har hytte i kommunane rundt Hardangervidda (Tinn, Eidfjord, Ullensvang, Hol, Nore og Uvdal, Ulvik, Vinje, Rollag og Aurland).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Undersøkinga blir gjennomført av NINA på oppdrag frå ei breitt samansett styringsgruppa av alle dei viktige aktørane på Hardangervidda. Me håpar lokalsamfunna støttar opp. Deira stemme er viktig, seier Gundersen.