
Sparkar i gang valkampen på Dalsmarken
I helga er det klart for Dalsmarken. Laurdag blir det politisk debatt og lokalt startskot for valkampen.
- Det er kjekt at Dalsmarken har klart å dra i gang avspark for Stortingsvalkampen, seier ordførar i Tokke, Jarand Felland til VTB.

Laurdag blir det nemleg debatt på Dalsmarken med fleire profilerte politikarar i panelet. Tokke og Dalen sin eigen Lene Vågslid kjem. I tillegg til Barne- og familieministeren frå Ap, kjem Stortingsrepresentant og 1.-kandidat for Høgre Telemark Mahmoud Farahmand, Stortingsrepresentant og 1.-kandidat for Frp Bård Hoksrud og Stortingsrepresentant og 1. kandidat Åslaug Sem-Jacobsen (Sp). Dei to lokalpolitikarane Signe Marie Fosli Stenseth og Arne Johannesen er høvesvis 3. og 4.-kandidat for sine parti KrF og SV, og stiller også til debatt.




Tidlegare NRK-journalist Bjørn Bø frå Vinje skal leie ordskiftet.
På laurdag er det 80 dagar igjen til valdagen som er 8. september. Felland fortel at tema for laurdagens debatt mellom anna blir beredskap, landbruk, sikkerheitspolitikk og EU.
I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at Olav Urbø som er 3.-kandidat for Telemark Sp og også tidlegare ordførar i Tokke skal delta på debatten. Fredag fekk VTB informasjon om at Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) kjem i staden for Olav Urbø.