Folk oppheld seg på ei steinstrand ved vatnet med båtar og fjell i bakgrunnen.
Mange tok turen til Bjørgesanden for å kjøle seg ned onsdag.

Slik kjøler vesttelane seg ned

Bading er populær nedkjølingsmetode når gradestokken bikkar 30 grader i Vest-Telemark.

Publisert
Sjøflate framfor skogkledde fjell under lys himmel.
Om ein myser veldig kan ein sjå vesttelar på vasski bak ein båt.

Det er gørrvarmt i Vest-Telemark denne veka. Fleire plassar bikka gradestokken 30 grader, og inne i VTB bilen var temperaturen oppe i 40 grader litt ut over dagen onsdag. Det er dermed varmt i solsteika.

Ein av dei mest populære nedkjølingsmetodane er bading. Men vasski, båtkøyring og vasscooter var også blant aktivitetane til vesttelane desse varme dagane. 

Frå Nesbukti til stranda

Guro Venås Thorstensen (18) jobba på Nesbukti til klokka 14 onsdag. Ein knapp halvtime etter var ho på Bjørgesanden. 

Ei kvinne står ved fjorden og ser ut over vatnet.
Guro Venås Thorstensen er med vener på stranda etter jobb.

– Det gjorde eg fordi det var meldt varmerekord og fordi eg måtte kjøle meg ned, seier ho. 

Ho kan melde om at det er fint med varmen når ein er på stranda. 

– Det er varmt i vatnet så det er ikkje noko problem å bade, seier ho.

Vatnet skal vere rundt 23 grader, så det er betydeleg kaldare enn temperaturen i lufta.

Tre menn står på ei steinstrand og held opp eit fiskereiskap.
Jon Kusslid-Haugland (f.v.), Tobias Edvardsen og Natnael Tesfay er nøgde med vêret.

– Tida gjeng så fort

Jon Kusslid-Haugland (16), Tobias Edvardsen (16) og Natnael Tesfay (18) er ikkje samde om kor lenge dei har vore på stranda på Bjørge. 

Edvardsen meiner dei har vore på stranda i o timar. Kusslid-Haugland meiner dei har vore på stranda i rundt tre timar. Medan Tesfay meiner dei må sjekke klokka for å vere sikker.

– Tida gjeng så fort når ein er her, seier dei. 

Dei kjem derimot fram til at dei har vore her rundt 2,5 time, sjølv om det ikkje kjennest slik. 

Det beste med å vere på stranda er, ifølge Kusslid-Haugland, å ta backflip frå brygga og frå trampolinen. 

To dagar på rad

Fire personar kviler på ei steinstrand ved vatnet, med kajakkar og fjell bak.
Venninnene Maria Nenseter (f.v.), Andrea Solvang og Live Flatland synast det er deilig å bade når det er varmt.

Det beste med å vere på stranda for veninnene Andrea Solvang (16), Maria Nenseter (16), og Live Flatland (16) er å bade, sole seg og å vere med vener. 

– Koseleg å vere på stranda, seier Flatland.

Solvang fortel at dei har vore på stranda to dagar på rad. 

– Det er veldig deilig, seier Solvang. 

– Det er alltid deilig å vere i vatnet, seier Nenseter. 

Powered by Labrador CMS