
Slår ring om Vilje, og tar avstand frå hendingane ho er utsett for
Fredag møttest alle ordførarane i Vest-Telemark. Dei meiner det er naudsynt å seie noko samla, for det er viktig å markere at dei ikkje aksepterer hendingane som har skjedd mot Vilje Juvskås. Ikkje mot henne, ingen andre, alle skal vere trygge.
– Skal me leve og ha det godt her i bygdene, må me tolerere og vere snille med kvarandre, seier regionordførar Tarjei Draugedal som inviterte dei andre ordføraren i Vest-Telemark til Kviteseid fredag.
– Menneskeverdet er ukrenkeleg. Uansett legning, tru, funksjonsfrisk eller ei eller hudfarge, så er det ukrenkeleg. Det er grunnlaget, seier Draugedal.
Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen er sjokkert over eskaleringa av hendingar Vilje Juvskås har opplevd den siste tid.
– Og så kom brannen, alvorsgraden blei enorm, seier ho.
Ordførar i Tokke, Jarand Felland, er oppteken av at alle som bur i Vest-Telemark skal kjenne at dei er trygge.
– Ein skal kunne seie det ein meiner og vere den ein er utan at det skal få konsekvensar som me dessverre har sett nå. Me i Vest-Telemark, ja i heile Noreg, står opp for mangfald og tryggleik, og derfor er det viktig å signalisere det til alle. Me støttar Vilje 100 prosent, og aksepterer ikkje slik oppførsel som ho har opplevd, seier han.
– Vilje er ei solstråle med masse entusiasme. Ho skal kjenne seg trygg i eigen heim, slik alle skal ha det, seier seier ordførar i Nissedal Ian Parry-Jones.
Han fekk sjokk då han vakna til meldinga om brannen torsdag morgon, og seier det er rørande å sjå alle meldingane som Vilje har motteke i sosiale medium det siste døgnet.
– Det er fint å sjå at ho har støtte, men dette skulle jo aldri skjedd, seier Nissedal-ordføraren.
Står samla
Nils Johan Svalastog Garnes er vikarierande ordførar, og meiner det er fint og viktig at alle kommunane i Vest-Telemark står samla og markerer dette felles. Han seier at miljøet ikkje er så stort, desto viktigare er det å ha menneske som Vilje som mellom anna drar i gang markeringar for å synleggjere denne minoriteten.
– Det skal Vilje verkeleg ha ros for, for arbeidet ho gjer har vore positivt for den gruppa, trur eg, seier Garnes.
– Det kostar mykje meir å vere annleis enn A4 i eit lite bygdesamfunn, meiner Sundbø Abrahamsen og er imponert av Vilje som klarer å stå i det.
Garnes stiller spørsmål om noko kan bli gjort annleis i kommunane, sidan slike hendingar skjer. Mykje kan nok skje i kommunal samanheng, meir enn i dag.
Ordføraren i Seljord seier også at det blir gjort mykje godt arbeid knytt til likeverd og ytringsfrihet, heilt frå barnehage og skule, men meiner kommunane verkeleg må ha fokus på dette arbeidet heile tida.
Draugedal meiner også at den daglege praten rundt kjøkkenbordet, mellom born og vaksne, er eit viktig element i haldningsskapande arbeid. Han tenker at måten vaksne og foreldre snakkar, korleis samtalen foregår, og kva barn høyrer og tar del i er viktig.
– Det er viktig å ha fokus på dette heime, ein skal vere tolerant, påpeikar han.
Håpar på svar
Nå håpar ordførarane at politiet brukar resurssar som er naudsynte knytt til hendingane som har skjedd. For Vilje og alle andre innbyggjarar treng svar.
– Nokon må bli stilt ansvarlege, me har jo ikkje opplevd liknande i Vest-Telemark før, seier ordføraren i Seljord.
– Hendingar som dette skaper utryggleik, og den grunnleggande tryggleiken som alle har rett til blir svekka, seier Felland.
Dei minnar også om at kvar kommune har tilsette ein kan kontakte.
– Er det nokon som treng nokon å snakke med, kan dei kontakte krisetenesta i kommunen dei bur i, seier ordførarane.
Ulik bruk av flagget
Det er ulike ordningar for flagging i kommunane i Vest-Telemark. Tokke kommune, som arrangerte Bygdepride 12. juni, har flagga med prideflagget på offentlege flaggstenger på begge skulane, ved kommunehuset og helsesenteret i 10 dagar denne månaden.
Felland fortel at dei har opplevd at flagget har blitt tatt ned to gonger i år, noko dei andre kommunane ikkje har opplevd i år.
I Seljord blei prideflagget heisa den dagen Tokke arrangerte Bygdepride.
Nissedal kommune flaggar i 30 dagar, heile juni månad ved skule, barnehage, kommunehus og oppvekstsenter.
Draugedal seier Kviteseid har vedtak om at prideflagget skal bli heisa den fyrste laurdagen i juni, men er usikker på om dette blei gjort i år sidan det var pinse. Fungerande kommunedirektør Tore Åsland opplyser til VTB at prideflagget vart ikkje heisa laurdag 7. juni fordi dette er dagen for unionsoppløysinga, og det norske flagget vart då heisa.
– I Fyresdal flaggar me også ein dag, den nasjonale dagen, meiner Skjervagen.
– Det er vel i morgon laurdag 28. juni, det, kommenterer Parry-Jones.
Blir Bygdepride neste år
Onsdag kveld snakka ordføraren i Nissedal med Vilje Juvskås for å lande dato for Bygdepride i Nissedal neste sommar. Nissedal er den siste av kommunane i Vest-Telemark til å halde si eiga pridemarkering.
– Det blir 13. juni, stadfestar ordføraren nøgd.
Neste sommar har alle kommunar halde Pride ein gong, med unntak av Seljord som har markert mangfaldsdagen to gonger. VTB utfordrar ordførarane på om det blir fleire arrangement etter dette?
– Det kan ikkje bli den siste neste år. Etter det kan ein vel starte med Fyresdal att, sidan dei var fyrst ut av kommunane våre med pridemarkering. Og så må me håpe at det er fleire enn Vilje som ynskjer å dra i gang markeringar, ho treng ikkje gjere alt. Og det gjeld ikkje bare markeringar for Pride, men markeringar for alle grupper menneske i samfunnet vårt, Svalastog Garnes.