– Mange unge har ikkje fått informasjon om kva rettar og plikter dei har i arbeidslivet. Då er det for mange utfordrande å vite kva vilkår dei ikkje skal akseptere, seier ungdomsrådgivar Sindre Hornnes i LO.

Sjekk om du får rett lønn på sommarjobben

Opp mot ein halv million unge er på veg ut i sommarjobb desse dagane. Ein del av dei som er ferske i arbeidslivet, manglar kunnskap om rettar og pliktar.

Publisert

Dei mest vanlege sommarjobbane er anten i butikk, gatekjøkken, restaurantar og hotell eller i helsebransjen eller jobbar med barn.

SSB fortel at 477.000 unge hadde sikra seg sommarjobb i fjor. Det er omtrent 70 prosent av unge. Det er likevel venta at det kanskje blir litt færre som får sommarjobb i år. Årsaka er at det er registrert nokre færre jobbar i butikkar.

– 2024 var eit gunstig år for unge å komme seg inn på arbeidsmarknaden. Det var låg arbeidsløyse og høg etterspurnad etter arbeidskraft. Mykje tyder på at det kan bli noko vanskelegare å få sommarjobb i år, meiner seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Tariffavtalar

For dei som har fått seg jobb, er det viktig med rett informasjon om kva du har rett på som tilsett. I mange bransjar blir lønn og arbeidsforhold regulert via ulike tariffavtalar. Viss arbeidsgivaren der du jobbar har ein tariffavtale, kan du også finne ut av dette til dømes hos fagforeininga og dei større hovudorganisasjonane.

I fjor tente dei som er mellom 15 og 19 år 165 kroner i timen i snitt. Dei mellom 20 og 24 år tente i gjennomsnitt 232 kroner, viser tala til SSB.

LOs sommarpatrulje er i full gong. Dei besøkjer i nokre veker framover folk på sommarjobbar i alle fylka.

– Mange unge har ikkje fått informasjon om kva rettar og plikter dei har i arbeidslivet. Då er det for mange utfordrande å vite kva vilkår dei ikkje skal akseptere, seier ungdomsrådgivar Sindre Hornnes i LO.

Det er ofte mange ting dei ferske arbeidstakarane lurer på. Det kan vere spørsmål om lønn og når lønna kjem, når feriepengane kjem, arbeidstid og kva sjefen kan krevje at du stiller opp på. LO er tilgjengeleg både på e-post eller mobil.

Det som LOs sommarpatrulje kjem til å sjekke spesielt i år, er arbeidskontraktar, opplæring, vaktlister og overtidsbetaling.

Ikkje jobb svart

Hovudorganisasjonen YS (Yrkesorganisasjonanes sentralforbund) understrekar også at det er viktig at alle på sommarjobb har ein skriftleg arbeidskontrakt. Då kan ein unngå misforståingar om kva som er avtalt, kor mykje du skal jobbe eller kva slags arbeidsoppgåver du skal ha. Du skal også ha kontrakt sjølv om det berre er ein kort sommarjobb.

– Det er arbeidsgivar som skriv kontrakten, men det er viktig at du les nøye gjennom før du signerer, seier seniorrådgivar Goran Scekic i YS.

YS seier at du alltid må seie nei til å jobbe svart, sjølv om det kanskje kan verke freistande.

– For det første er det ulovleg å jobbe svart. Utan eit formelt tilsetjingsforhold stiller du svakt viss lønna ikkje blir utbetalt.

Powered by Labrador CMS