På Stortinget: Både Lene Vågslid og Sigrid Jonassen Verpe kjem begge frå Dalen. Sist veke diskuterte dei tilbodet unge med behov for psykisk helsehjelp får i distrikta.

Sigrid besøkte Lene på Stortinget. — Ungdom på bygda bør ha like gode tilbod som ungdom i byen

Sigrid Jonassen Verpe er leiar av Vest-Telemark AUF. I førre veke var ho på landsmøte i AUF og besøkte Lene Vågslid på Stortinget. Tema for møtet var psykisk helsetilbod for barn og unge.

– Eg har alltid vore samfunnsengasjert. Og sidan eg var lita har eg vore veldig redd for klimaendringane, seier Sigrid.

Det var det som fekk henne til å engasjere seg i politikk. I fjor meldte ho seg inn i AUF.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg såg filmen Generasjon Utøya. Der fekk AUF gjennomslag for at Arbeiderpartiet ikkje lenger skulle gå inn for konsekvensutgreiing utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Det gjorde inntrykk, og eg forstod at det å engasjere seg faktisk kan føre til endringar. AUF er ein sterk ungdomsorganisasjon med verdiar og politikk som eg kan stå inne for. Det er særleg klimaspørsmål og tilbod for dei med psykiske vanskar som engasjerer meg.

Innlegg på landsmøte

Førre veke var Sigrid på landsmøte i AUF. Der heldt ho innlegg.

– Eg har jo snakka for folk før, men aldri for så mange, fortel ho.

Innlegget til Sigrid handla om sengeplassar i psykiatrien.

Talet på sengeplassar har blitt redusert dei siste åra. Sigrid meiner det er feil.

Ho meiner det er viktig at dei med psykiske helseplager får like god hjelp som dei med fysiske plager. Og ho er oppteken av at dei som er akutt sjuke må få rask hjelp. Frå talarstolen på landsmøtet foreslo ho å øyremerke midlar til fleire sengeplassar.

Landsmøte: Sigrid held innlegg på sitt første landsmøte.

Psykisk helsehjelp

Då Sigrid var i Oslo hadde ho også avtalt eit møte med stortingsrepresentant Lene Vågslid, også ho frå Dalen. Her var temaet psykisk helsehjelp til barn og unge.

Sigrid og Vest-Telermark AUF er oppteken av at ungdom frå Vest-Telemark ikkje skal ha dårlegare tilgang på psykisk helsehjelp enn dei som bur meir sentralt. Då tenker ho særleg på tilgang til spesialiserte tenester.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har eigenerfaring og har opplevd både eit system som fungerer og ikkje fungerer, seier Sigrid.

I dag får ungdom frå Vest-Telemark tilbod om oppfølging ved Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling på Notodden eller Skien. Sigrid meiner dei i større grad bør gje eit lokalt tilbod til ungdom ute i distrikta.

– Lokal hjelp er viktig. Det er for eksempel ikkje alle som har foreldre som kan køyre dei heilt til Notodden. Ungdom på bygda må ha like god tilgang på hjelp som ungdom i byen. Me kan ikkje akseptere at kvar du bur skal avgjere kva for hjelp du får.

Ho meiner det vil vere bra for ungdom i Vest-Telemark å få eit tilbod frå BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) til dømes i Seljord.

Set pris på ungt engasjement

– Dette er midt i blinken for det me jobbar med nå, seier Lene Vågslid etter møtet med Sigrid.

– Statistikken viser at det er ei auke i ungdom som har psykiske vanskar. Og det er for mange, som går for lenge, før dei får hjelp.

Vågslid meiner det er viktig å satse på ungdommen. Og ho er veldig glad for at ungdom engasjerer seg.

– Alle partia har vore bekymra for rekruttering og me har snakka om at me må gjere oss litt meir lekre for ungdommen. Møteformene våre kan nok vere litt kjedelege, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Derfor blir eg så glad når Sigrid frå Dalen engasjerer seg. Eg håpar ho kan inspirere fleire til å bli med i ungdomspolitikken.

Ungdomspolitikar: – Eg håpar det å engasjere seg vil bety noko, at eg kan få gjennomslag for nokre av dei sakene eg er oppteken av, seier Sigrid Jonassen Verpe frå Dalen.