Sidan i fjor har skulen fått femti fleire elevar
Måndag ringte klokkene inn til eit nytt skuleår. Dette skuleåret har elevtalet på Vest-Telemark vgs. auka med femti samanlikna med fjoråret.
– Me hadde ein veldig fin velkomst på måndag, det er ein fin gjeng med elevar så dette lovar godt, fortel rektor på Vest-Telemark vgs., Siv Reidun Eide.
Då skulen på Dalen ønskte elevane velkomne til eit nytt skuleår var det rundt femti fleire elevar på skulen, samanlikna med i vår. Det er Eide fornøgd med. I skrivande stund har skulen 219 elevar.
– Det har vore litt lågare elevtal dei siste par-tre åra. Me hadde nokre år med små klasser på studiespesialisering, men nå er det store, gode kull alle tre åra, fortel Eide.
Ein god start
Teknologi- og industrifag (Tek) er den mest populære linja, og det blir heilt fullt på verkstaden. I tillegg har skulen elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering og tilrettelagt opplæring. Helselinja er også populær hos ungdommen i Vest-Telemark, i 1. klasse er det nå 23 elevar.
Fire av dei er Linnea Seland frå Fyresdal, Nikoline Dale Skårdal frå Bø, Andrea Groven Spånem frå Åmot og Lorena Ursu frå Rauland. På sin andre skuledag på vidaregåande sit dei saman rundt eit bord i den nyoppussa kantina på Dalen. Jentene fortel at dei ikkje kjente kvarandre før dei hamna i same klasse, men dei visste om kvarandre.
Linnea fortel at ho valde helsefag fordi ho vil utdanne seg til noko innafor helse, og planen er å ta påbygg slik at ho får studiekompetanse. Det er også planen til Lorena.
– Eg vil arbeide på ambulanse, seier Andrea. Ho fortel at det er adrenalinet og opplevinga av å arbeide i ein ambulanse som lokkar. Planen er å ta VG1 helse på Dalen, VG2 ambulanse kan ho for eksempel ta i Skien, og deretter ventar to år som lærling.
Dei fire fyrsteklassingane har eit godt inntrykk av skulen så langt. Medan Andrea og Linnea bur heime, har Nikoline og Lorena flytta på hybel. Det går fint så langt, men litt meir å passe på, blir det.
Satsar på skulemiljø
Inger Helen Hovden er også fersk på Vest-Telemark vidaregåande. Ikkje som elev, men som tilsett i stillinga som miljøterapeut.
– Eg håpar å vere ein miljøterapeut for alle elevane, for heile skulen, fortel Hovden.
Ho skal vere synleg i både pausar og i undervisninga, og kan jobbe både inn mot enkeltelevar eller inn mot klasser.
Skulemiljø er eit viktig satsingsområde for skulen. Eide fortel at dei også har fokus på mental helse og heile tida jobbar for å skape gode relasjonar blant elevane. Stillinga som miljøterapeut er ny og vil bli forma litt etter kva som er behovet blant ungdommane på skulen.
– Det blir veldig spennande å sjå korleis dette blir i praksis, seier Hovden.