Linnea Myrvang Rudshagen (f.v.), Anne Godtland og Selma Drevsjømoen Døli.

Samla ungdommane på neonparty. – Veldig kult 

Fredag var ungdom frå heile Vest-Telemark invitert til neonparty på Elvarheim ungdomsklubb på Dalen.

Publisert Sist oppdatert

– Det er veldig kult! Det er kult at dei har laga eit opplegg for oss, så me har noko å finne på, seier Anne Godtland. 

Saman med Linnea Myrvang Rudshagen og Selma Drevsjømoen Døli har ho pynta seg med neon glowsticks som lyser opp i mørkeret på Elvarheim. Ungdommar frå 7. klasse og opp til 18 år var fredag inviterte til neonparty på Dalen. 

Tor Øystein Gravdal er leiar på klubben og fortel at dei har eitt arrangement som dette i løpet av året. Årets neonparty er eit samarbeid med ungdomsklubben i Fyresdal, og dei har fått 40 000 kroner i støtte frå Frifond, ei statleg ordning, som dei kan søke om tilskot frå. 

Neonpynta på Elvarheim.

– Bra å samle folk

I sekstida på fredag er det førebels litt roleg på Elvarheim. Ungdommar frå Dalen og Høydalsmo har alt kome – dei skravlar, et gratis pizza, spelar biljard og traskar inn og ut av ungdomsklubben. Men fleire bussar er på veg. 

Klubbleiar Tor Øystein Gravdal tek imot ungdommane.

– Alle Vest-Telemarkkommunane er inviterte, og det var berre Nissedal som ikkje kunne kome. Frå Seljord kjem det rundt 15, 20 frå Kviteseid, rundt 25 frå Fyresdal og ein full buss frå Vinje – kanskje 50 derifrå, seier Tor Øystein. 

Dei er fire på jobb frå Elvarheim, og i tillegg har ungdommane som kjem frå dei andre kommunane med seg nokre vaksne. Eitt par frivillige foreldre er også til stades. 

Tor Øystein meiner det er bra å samle ungdommane frå dei ulike bygdene. 

– Det er kortare avstandar mellom kommunane nå enn før. Alle kjenner kvarandre nå – særleg gjennom den digitale verda, seier han. 

Synne Stigen Byggland (f.v.) frå Høydalsmo, Maja Austjore Våle frå Åmot, Emma Sordal Heggard frå Dalen og Hedda Solli frå Treungen.

Det kan jentegjengen frå Høydalsmo, Åmot, Dalen og Treungen stadfeste – Synne Stigen Byggland, Maja Austjore Våle, Emma Sordal Heggard og Hedda Solli går alle saman på ulike skular, men kjem saman på neonparty. 

– Me blir kjent gjennom arrangement, fotball og felles venner, fortel Synne. 

Dei synest det er bra at det blir laga felles arrangement som dette for dei. 

– Det har bruka å vore mykje folk før. Det er veldig bra å få samla folk, meiner Emma. 

Sjølv om det store rommet på Elvarheim er pynta både på golv og veggar med sjølvlysande bilde og skrift, røykmaskina går og dj-en spelar musikk som ungdommane VTB pratar med likar – er det ikkje så mange som dansar. Det etterlyser ein gjeng med 10. klassejenter frå Seljord som kjem ut for litt frisk luft. 

10. klassejentene frå Seljord Live Flatland (f.v.), Maria Nenseter Sørensen, Marthe Øygarden Torp, Andrea Solvang og Helene Dahl Kasland frå Seljord hadde det moro på neonparty, og ønskte seg fleire folk på dansegolvet.

– Det er ganske gøy, men litt lite folk. Det burde kome fleire, seier Andrea Solvang. 

– Ja, me vil ha fleire på dansegolvet! Dei spelar bra musikk som alle likar, fortel Helene Dahl Kasland. 

 

Powered by Labrador CMS