VTB, SNL og Vinjesenteret på besøk hos studiespes-elevane på Dalen.

Kommentar

VTBs ungdomsoppskrift

Ta to karar, tre kvende, mykje kunnskap og ein dæsj KI og la det syde i om lag 2,5 timar. Kanskje kan resultatet bli ein ung skribent – eller ti.

Publisert Sist oppdatert

Eg kikka litt i VTB då eg var ungdom. Viss det var bilde av meg (som regel med fele eller i gang med eit eller anna teateraktig prosjekt) eller venner og kjente, så var det fram med saksa og klippe ut.  Medieutvalet elles var Det Nye og Topp, og på TV-skjermen var det NRK. Mobil fekk eg då eg var 17; ein Motorola med knappar og ein smal, gulgrøn skjerm som viste to heile liner sms-tekst om gongen.

I dag har dei aller fleste vgs-elevar hatt ein smarttelefon planta i baklomma i årevis, med tilgang på bokstaveleg talt all verdas innhald – inkludert VTB. For lokalavisa har blitt digital, med vtb.no, app, Facebook og snap, så me er tilgjengeleg på lommeskjermane deira. Men korleis i all verda skal me greie å treffe dei unge i den beinharde konkurransen om deira tid og merksemd?

Me dreg ut for å treffe dei «in real life», så klart.

Fleire i VTB-staben er tidlegare lærarar, og to av oss heiv seg frampå då spørsmålet om å besøke ungdommane kom opp. 

Målet vårt: Å få ungdommen til å skrive tekstar til VTB.

Me vil ha ekte tekstar med ungdommane si eiga stemme – ikkje noko dei har bede Chat GPT fikse for dei. Der er heile skuleverket i litt av ei suppe, sidan Chat GPT og andre språkmodellar kan koma opp med det mest utrulege. 

Derfor drog me ikkje åleine ut til ungdomane. Med oss hadde me Vebjørn og Kjell-Olav, som er redaktørar i Store Norske Leksikon. Eller snl.no som dei heiter nå for tida – dei har lagt bak seg tida då dei var x antal hyllemeter med papirleksikon.

Kjell-Olav Hovde reklamerer for Lille norske leksikon, medan Vebjørn Granum Kjersheim ikkje meiner å dumpe nokon. Begge er redaktørar i SNL og forklarte ting om KI som i alle fall gav journalistane nokre aha-opplevingar.

Dei forklarte kvifor alle dei 200 000 artiklane på snl.no er laga av folk som jobbar på høgskular og universitet, og ikkje ein einaste artikkel er skrive av Chat GPT, Open AI eller andre språkmodellar. 

Det er fordi det språkmodellane er ekspertar på, er å gjette. 

Kvart einaste svar dei gjev er basert på kva dei klarer å berekne at du mest sannsynleg er ute etter. Dei har blitt trena med tomlar opp for gode svar og tomlar ned for dårlege svar, men det skjer stadig at språkmodellar gjettar feil. Dei er koda for å vere uføreseielege, rett og slett.

Ungdomane meinte litt av grunnen kunne vere at internett inneheld mykje både feil og rett informasjon, og viss Chat GPT baserte seg på noko som var feil, så ville den også gjette feil. 

«Shit goes in, shit comes out,» som det heiter på godt norsk. 

Men nei, dei to snl-redaktørane kunne fortelje om forsøk der språkmodellane berre brukte korrekt informasjon når dei gjetta, men likevel hadde større og mindre feil i omtrent annakvart svar. 

Det var ikkje total svartmåling av kunstig intelligens som var målet for dei to leksikon-karane, og heller ikkje for oss bladfykar (me bruker jo KI til både korrekturlesing og tittelforslag, for å nemne noko). 

Det gjeld berre å bruke Chat GPT til det den passar til – for eksempel idemyldring og kjeldeforslag når ein skal jobbe med eit tema. Og då gjeld det å ikkje vere lat, slik til dømes nokon i Tromsø var då dei skulle lage ein rapport om skulenedleggingar. Ein må gå til kjeldene og sjekke.

Me frå VTB fekk vise fram korleis me jobbar, og med oss på laget hadde me også Drifa frå Vinjesenteret. Saman utfordra me ungdomane til å bli med på ein skrivekonkurranse der me tek utgangspunkt i noko KI aldri kan få til: Menneskemøte. 

For sjølv om du kan snakke med Chat GPT som om det var ein ven eller ein hobbypsykolog (det er ikkje særleg lurt, forresten, sidan den vidareformidlar det du seier til annonsørar), så kan ein KI-modell aldri få ein relasjon til deg. Den kan ikkje forstå deg, kan ikkje få tillit til deg, kan ikkje sanse deg. Det må to menneske til for å få til eit menneskemøte, rett og slett.

Derfor utfordrar  Vinjesenteret og VTB ungdomane til å skrive portrettintervju.

Den neste månaden skal VTB samarbeide med skulane om skrivekonkurransen, slik at alle dei unge skrivespirene som har lyst til å prøve seg kan få litt journalist-støtte. Vinnartekstane kan de lese i VTB seinare i vår. 

Det var stas å få møte elevane på Dalen og Kvitsund, og ikkje uventa kom det mange hender i vêret når dei fekk spørsmål om dei brukte snl.no. Men faktisk strekte dei aller fleste unge vesttelane også opp ei hand når dei fekk spørsmål om dei brukte vtb.no. 

Det var stas, det!

Førre veke besøkte denne gjengen vgs-elevar på Dalen og Kvitsund med eit 2,5 timar langt opplegg om KI, kjelder og menneskemøte, f.v. Kjell-Olav Hovde (SNL), Kristin Tangen Tolo (VTB), Drifa Gudmundsdottir (Vinjesenteret), Vebjørn Granum Kjersheim (SNL) og Åshild Emma Solbjør (VTB).
Powered by Labrador CMS